Leder:

«Politiet må få meir kraft i kampen mot nettovergrep»

Skjuler spor: Dei som produserer, distribuerer og deler overgrepsmateriale på internett får tilgang til stadig meir avanserte metodar og teknologi til å skjule sine spor. 

Fleire teknologar med IT-kompetanse må inn i politiet, og fleire politiutdanna må få meir IT-kompetanse

Leder

Politiet sin kamp mot nettovergrep mot barn er eit kappløp med den teknologiske utviklinga. Overgriparane får tilgang til stadig meir avanserte metodar og tekniske løysingar for å produsere og utveksle overgrepsmateriale.

I ein fersk rapport skriv Kripos at denne negative utviklinga vil halde fram. Sjølv om norsk politi har avslørt mange slike saker i store, omfattande aksjonar, er talet på overgriparar som slepp unna langt større.

Høyesterett skjerpet straffen for nettovergrep

Tolv års fengsel for nettovergrep mot 49 barn var for strengt, mente den domfelte 28-åringen. Nå har Høyesterett skjerpet straffen.


Mengda av overgrepsmateriale på nett veks. Mange av overgrepa er svært grove. Ungdom og småbarn vert kynisk utnytta og skadepotensialet er stort. Vi må difor løfte fram diskusjonen om korleis vi kan ruste politiet endå betre til å overvinne slik kriminalitet.

Norsk politi har gjennomført fleire store operasjonar dei seinare åra, og avslørt svært mange som har produsert, lasta ned eller delt slikt overgrepsmateriale. Møre og Romsdal politidistrikt sin operasjon «Jupiter» og Vest politidistrikt sin «Dark room»-operasjon er to døme.

I begge desse operasjonane vart fleire titals personar avslørt og tiltalt. Etterforskinga var svært ressurskrevjande både målt i mannskapsressursar og pengar. Metodane som må nyttast i slike saker krev også heilt anna kompetanse enn den vi tradisjonelt har hatt i politiet.

Kripos med dystre framtidsutsikter om nettovergrep

Kripos slår fast at digitaliseringen fører med seg flere overgrep mot barn og unge over nett. Eksperter spør om strafferammene gjenspeiler alvoret.


Ei løysing må difor vere å sørge for at politiet vert tilført meir slik kompetanse. Fleire teknologar med IT-kompetanse må inn i politiet, og fleire politiutdanna må få meir IT-kompetanse – både i spesialeiningar og ute i politidistrikta. Samarbeidet på tvers av landegrensene må også styrkast, sidan denne kriminaliteten også kryssar grenser.

Kripos ynskjer også å få endra reglane for lagring av IP-adresser hos internettleverandørane. I dag er regelen at slike adresser skal slettast innan tre veker. Det gjer det vanskeleg for politiet å sikre spor i slike saker.

Personvernomsyn ligg bak denne regelen. Dette kan det vere grunn til å ta ei ny vurdering på i lys av utviklinga. Ein bør vurdere om andre tiltak, slik som domstolskontroll, kan ta vare på personvernet. Omsynet til barna må kome først.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!