Første påskedag var det Sri Lanka som vart ramma. 290 vart drepne og 500 såra då sjølvmordsbombarar gjekk til åtak på kyrkjer og hotell i ulike byar. Islamistgruppa National Thawheed Jamat (NTJ) står truleg bak den grufulle og feige aksjonen. Dermed går tragedien på Sri Lanka inn i den lange rekka av islamistisk terror i påskehøgtida dei siste åra.

Dei fleste offera var kvinner og barn, då 75 menneske vart drepne og 340 skadde i ein park i Lahore i Pakistan etter gudsteneste første påskedag i 2016. Ei utbrytargruppe av Taliban tok på seg skulda for angrepet som var retta mot «kristne som feira påske». Palmesøndag 2017 var det kyrkjegjengarar i Egypt som vart ramma. 49 menneske som feira påske i kyrkjer i byane Tanta og Aleksandria i Egypt vart drepne av sjølvmordsbombarar. IS tok på seg ansvaret. Kristne både i Nigeria og India vart utsette for valdelege angrep under påskefeiringa for to år sidan.

Jesus blir faktisk rekna som ein viktig profet i islam. Men det å feire at Jesus vart audmjuka ved å bli hengt opp på ein kors, blir av mange oppfatta som rein blasfemi. Hatet mot dei ikkje-truande er ei viktig drivkraft for jihadistar, som meiner at alle som ikkje deler deira tolking av islam er vantru – og utan menneskeverd.

Påskebodskapen er det motsette: Gud vart menneske for å gjenopprette det som var øydelagt, fordi alle menneske er elska av Gud og like verdifulle. Terrorfaren har ikkje fått folk til å halde seg vekke frå påskegudstenester i Egypt og Pakistan. Tvert om blir det meldt om auka kyrkjebesøk, og meir livskraftige kyrkjer enn mange stadar i vesten.

Kampen mot terror må utkjempast på mange måtar, men aldri ved å gi etter for hat og vondskap. Angrepa på moskeane på New Zealand tidlegare i år var forferdelege. Det er ynkeleg feigt å gå til åtak på folk som er samla for å be. Alle angrep på uskuldige menneske må fordømmast. Å la terroraksjonane på Sri Lanka gå utover muslimar generelt, vil vere det same som å gi etter for terroristane. Det må aldri skje.

Eit verdisyn basert på likeverd mellom menneske pregar kulturen og rettsstaten vår. Dette menneskesynet legg grunnlag for fred og forsoning, og er ein føresetnad for å kunne gode samfunn.