Bakgrunnen er dei store klima- og miljøutfordringane som vi må gjere noko med.

Smartby går ut på å bruke digital teknologi til å gjere kommunen til ein betre stad å leve, bu og arbeide i. Dette kan gjerast både ved å utvikle betre offentlege tenester, og ved å utnytte ressursane optimalt slik at vi kan redusere klimautsleppa.

Nye Ålesund kommune, Sula og Giske er den første norske byregionen som tatt opp i FNs program for smarte byar. Vi vil gi ros til alle involverte som har sørga for at Ålesundsregionen er i front på dette viktige området.

Det er etablert eit samarbeid mellom FN-nettverket og Offshore Simulator Center som gir nye mulegheiter. Simuleringsteknologien som er blitt brukt i offshorebransjen, skal no bli ein del av FNs Smartby-program for å utvikle betre kommunale tenester innan til dømes helse, samferdsel og vassforsyning. Det kan til dømes bety visualiseringar, bruk av sensorar, kunstig intelligens eller analyse av stordata.

Det må også takast omsyn til. Ålesund blir ein testlab for andre kommunar, og det kan gi mykje nyttig kunnskap.

Samtidig vil kommunen få god tilgang til informasjon om kva som blir gjort andre stadar i verda.

Involvering av innbyggarane er heilt avgjerande for at resultatet verkeleg skal bli ein suksess. Dei ulike satsingane må bli godt forankra i folks kvardag. Dei beste ideane kan kome frå folk som verken er tilsett i offentleg forvaltning, næringsliv eller akademia. Derfor må det leggast godt til rette for både informasjonsutveksling og aktiv deltaking.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.