Det treng ikkje vere krise at talet på søkjarar som vil bli sjukepleiarar og grunnskulelærarar går ned eitt enkelt år. Alarmen bør likevel gå. Blir dette ein trend som bit seg fast, står vi i ei djup krise før vi veit ordet av det.

Greier vi ikkje å utdanne nok lærarar og sjukepleiarar i åra som kjem, vil vi få alvorlege problem. Vi må ikkje setje oss i ein situasjon som kan utvikle seg til eit trugsmål mot pasienttryggleiken eller som vil svekkje kvaliteten på undervisningstilbodet i grunnskulen.

No er ikkje høge søkjartal åleine nøkkelen til å løyse denne floken. Langt viktigare er det at vi har nok godt kvalifiserte søkjarar, at studiet har god nok kvalitet og at dei som faktisk kjem inn på desse studia fullfører. I dag er det altfor stort fråfall av studentar i begge desse studia.

Det gjeld både på lærarstudiet og på sjukepleiestudiet. Auka inntakskrav, slik det no også er innført på sjukepleiestudiet, kan vere med på å få fleire til å fullføre studiet. Samtidig er det klart at det ikkje er nok å stille strengare krav til dei ferske studentane. Også studiestadane må sjå alvoret, og gjere ein sterkare innsats for å auke fullføringsgraden.

Begge desse yrka har i tillegg eit altfor stort fråfall dei første åra etter ferdig utdanning. Her har studiestadane og arbeidsgjevarane eit felles ansvar. Studentane må vere godt nok budde på arbeidslivet og arbeidet må gjerast attraktivt nok, både når det gjeld arbeidsvilkår og løn.

Norge treng over 12.000 nye lærarar i grunnskulen på få år for å erstatte ufaglærte og lærarar som går ut i pensjon. Sjukepleiemangelen er endå større. Allereie i dag manglar vi 6.000 sjukepleiarar. Norsk Sykepleierforbund hevdar det talet kan auke til rundt 30.000 på dei neste to tiåra.

Ei slik utvikling kan vi ikkje leve med. Årets fall i søkjartala til desse to yrka er ein alarm og ei klar melding om å mobilisere til forsterka innsats i rekrutteringsarbeidet.