Styret i Helse Møre og Romsdal (HMR) hadde ikkje lenger tillit til at adm. direktør Espen Remme var den rette til å leie føretaket gjennom den krevjande omstillinga. Ein slik mistillit har berre ein konsekvens.

Har ikkje eit styre tillit til sitjande administrerande direktør, må direktøren seie takk for seg. Så enkle og så brutale er spelereglane. Det betyr ikkje at Remme har gjort ein dårleg jobb, heller at oppgåva har vore nær umogeleg.

Den underliggande årsaka til det økonomiske uføret er ikkje sløsing, men ei økonomisk skeivfordeling og underfinansiering. Det er den viktigaste grunnen til at Remme etter tre år framleis ikkje har klart å få økonomien på rett kjøl.

Eit direktørskifte er ingen vidunderkur. Den som trur det, kan heller ta plass i styret i Rosenborg enn i styret for helseføretaket. Direktør for eigarstyring i Helse Midt-Norge, Nils Kvernmo, er ingen garantist for ei betre «tabellplassering».

Kvernmo sin styrke er lang fartstid i helsebyråkratiet og lang erfaring som administrerande direktør i St. Olavs hospital. Han blir likevel og uansett berre ein overgangsfigur i dette spelet. Det gir ingen tillit inn mot dei i organisasjonen som skal bere den tyngste børa, dei tilsette.

Stormen rundt kuttprosessen må han også ta eit sterkt medansvar for. Saman med styreleiar stod han i spissen for hasteprosessen som vart sett i gang før jul. Styret har hatt eit vel så stort ansvar som direktøren for uroa det har skapt. Ikkje berre sette dei korte fristar, men dei godkjende alle løypemeldingar og kløna det til i styremøtet. Så gjekk dei i lugaren og lét direktøren stå åleine i stormen.

Ventetida på ein ny administrerande direktør kan verte lang, og det vil også ta tid før ein ny direktør er fullt ut innkøyrd. I mellomtida skal altså Kvernmo gi styret forslag som gjer at dei når målet på over 130 kuttmillionar.

Remme får sparken fordi han ikkje har vore hard nok i klypa. Kvernmo sin jobb blir å klemme hardare til. Det er eit dårleg utgangspunkt for prosessen framover. Ein ryddegut på oppseiing har alt anna enn gode føresetnader for å skape den roa som trengst for å oppnå gode resultat.