Så langt i år har Norge eksportert sjømat for 34,5 milliardar. Ein samanhengande vekst dei seinare åra held fram, og vi har igjen fått ein ny rekord. Aldri før har norsk sjømatnæring eksportert for så store verdiar i løpet av eitt kvartal.

Ikkje minst bør vi klare å ta ut endå meir verdiskaping frå ressursane, både frå fiskeri og frå oppdrettsnæringa. Vi lever i dag godt på å vere ein stor råvareeksportør. Skal vi ta ut meir av potensialet i denne næringa, bør vi leggje betre til rette for auka vidareforedling i Norge.

Ei viktig årsak til den sterke veksten i eksportverdi i april er høge prisar på skrei og auka etterspurnad etter laks. I april eksporterte norsk sjømatnæring for 8,8 milliard kroner, nær 900 millionar meir enn i same månad i fjor.

Ifølgje ei ringverknadsanalyse få SINTEF i fjor, er den samla verdiskapinga, inkludert tilknytte næringar, nær dobla frå 2012 fram til i dag. For fiskeri- og havbruksnasjonen Norge har dette stor betydning for sysselsetting og busetnad langs kysten – og for å trygge norsk velferd.

Vi må ta «heim» meir av vidareforedlinga av råstoffet. Skal vi få til dette, må vi styrke konkurransekrafta til norsk foredlingsindustri. I konkurransen med land som både har lågare kostnader og betre marknadstilgang enn oss, må det eit samla løft frå styresmakter og næringa for å få dette til. Vi må våge å leggje meir kraft i eit slikt løft. Det er det verdt.