Endeleg ser det ut til at innføring av autopass-betaling på ferjene i Møre og Romsdal får ei god løysing. Så får det heller våge seg at politikarane i Møre og Romsdal har valt ei anna løysing enn det vegbyråkratane hadde klekka ut.

Ordninga som no vert innført, inneber at passasjerane også i framtida må betale for seg. Alternativet til dette var at køyretøy måtte ta ein større del av rekninga. I teorien kunne ein kanskje forsvare dette som eit tiltak som kunne stimulere fleire til å setje att bilen heime.

Pendlarar og næringstransport ville blitt særleg hardt råka om dei skulle ta heile ekstrarekninga. Det vert det også gitt klart uttrykk for i svært mange av høyringsuttalane frå kommunar og næringsliv. Dei som var positive til ei slik løysing, var særleg opptekne av fordelane for miljø og ungdom.

Ordninga som no blir innført, liknar i store trekk på slik vi har det i dag. Skilnaden er først og fremst at det blir teke i bruk ei enklare betalingsløysing med ny teknologi. Dei som i dag er billettørar på ferjene får frigjort tid til andre arbeidsoppgåver. I dette ligg det også ei viss effektivisering.

Så burde sjølvsagt autopassordninga vore innført på alle ferjestrekningar, uavhengig av om det var fylkeskommunen eller staten som driv den. Og sjølvsagt burde det ikkje vere slik at ein på ein biltur langs kysten frå Ålesund til Stavanger passerer gjennom fire eller fem ulike regulativ og system.

Men akkurat det er det ikkje fylkespolitikarane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland eller Rogaland som skal ha skulda for. Her er det staten som forsømer seg.