Eit debattinnlegg i The New York Times sist veke har skapt stor merksemd. Det er skrive av ein av Facebooks grunnleggarar, Chris Hughes, som ber amerikanske styresmakter om å dele opp Facebook med tvang. Hughes er sterkt uroa over at teknologiplattforma spreier falske nyhende, bidreg til terrorplanlegging, påverkar valkampar og bryt personvernet. Han skriv at han føler både sinne og ansvar fordi han ikkje har slått alarm tidlegare. Forretningsmodellen til Facebook går ut på å få folk til å dele mest mogeleg informasjon om seg sjølv, for deretter å bruke informasjonen til å selje personaliserte annonsar. Profittjaget har gått utover tryggleik og verdigheit.

Hughes meiner at Facebook er blitt altfor mektig, og at oppkjøpa av Instagram og Whatsapp må reverserast. Ved at Zuckerberg kontrollerer dei tre mest sentrale kommunikasjonsplattformene i verda, får han nesten uinnskrenka makt til å kontrollere, organisere og sensurere informasjonsdeling. Når ein aktør dominerer marknaden fullstendig, er det vanskeleg å kome opp med reelle alternativ. Den amerikanske senatoren, Elizabeth Warren kom nyleg med eit tilsvarande utspel. Ho tok til orde for at alle dei tre selskapa Facebook, Google og Amazon bør delast opp, fordi dei har fått for stor makt. Monopolsituasjonen hindrar konkurranse og innovasjon, og er ein fare for demokratiet.

Mark Zuckerberg har gang på gang bede om orsaking for Facebooks feilgrep, ikkje minst etter Cambridge Analytica-skandalen. Lite ser likevel ut til å endre seg. Vi meiner derfor det er på høg tid at Facebook og dei andre teknologikjempene blir strengare regulert. Desse amerikanske selskapa påverkar kvardagen i vår del av verda i aller høgste grad. Utanlandske plattformer hentar ut rundt fem milliardar kroner i annonseinntekter i den norske marknaden, og det kan på sikt få store konsekvensar for medieutvikling og mangfald. Amazon er i ferd med å skape seg ein dominerande posisjon innan e-handel, som vil påverke lokalt næringsliv. Samarbeid på tvers av landegrenser er nødvendig for å hindre at altfor mykje makt blir samla på få hender.