Skal ein forenkle innkrevjinga av moms, så er det klart at det aller enklaste vil vere å gå over til ein sats for alt. Ein treng ikkje eit ekspertutval for å kome til den konklusjonen. Det betyr likevel ikkje at det er det beste.

Skal ein erstatte dei ulike momssatsane med andre verktøy, vil ein fort møte nye problem. Vi kan få eit uoversiktleg lappeteppe ordningar som kan bli dyre å administrere og uføreseieleg for dei som skal nyte godt av dei.

Ekspertutvalet som har vurdert forenkling i momsen, leverte i går leverte sin rapport til finansministeren. Konklusjonen er gitt i tittelen: «Enklere merverdiavgift med en sats». Finansminister Siv Jensen er like klar: Ho seier nei.

No har vi 12, 15 og 25 prosent moms, i tillegg til null-sats for bøker, aviser, elbilar og gravferdstenester. Graderinga skal støtte og styrke norsk språk, det frie ord, miljøtiltak, folkehelse, norske butikkar, reiseliv og frivillige i idrett og kultur.

Lista har vakse med åra. Ein kan diskutere kor smart dette er. Avgiftsletten har liten eller ingen fordelingseffekt, og har presisjon som eit haglgevær. Den som har råd til ein dyr el-bil, får meir enn den som må nøye seg med den billegaste, og engelske bøker får like mykje avgiftslette som norske.

Her har utvalet gode poeng. Dei har også rett i at systemet gir meirarbeid for stat og næringsliv. Problemet oppstår når det kjem til alternativa. Det endar med synsing om nye støtteordningar, nye postar på statsbudsjettet og nye frådrag.

Vel vi desse alternativa, står i fare for å byggje opp reine byråkratfabrikken. Søknader skal skrivast, behandlast og kontrollerast og stønadsordningar skal fylle nye postar i statsbudsjettet. Desse skal det hestehandlast i budsjettet kvar haust. I tillegg kjem kontroll og tilsyn.

Ei avgiftslette gjennom senka momssatsar, slik vi har det i dag, treff kanskje ikkje midt i blinken. Det representerer likevel eit naudsynt kompromiss mellom kost og nytte.

Vi treng ikkje frede systemet for all framtid. Men eit betre avgjerdsgrunnlag gjer finansministeren klokt i å seie nei. Vi må også vere forsiktige med å trappe opp ei avgift, utan å sjå heilskapen i skatte- og avgiftstrykket.