Det er trist å lese om innvandrarar på Sunnmøre som opplever hets og trakassering. Sunnmørsposten skreiv nyleg om polske Józef Lesniak i Stordal som kom tilbake frå påskeferie og fann bilen sin tagga med orda «Reis heim». Han har budd og jobba i Norge sidan 2014. Laurdag fortalde Tadas Ramanauskas, som bur på Valderøya, om hetsande kommentarar og mistenkeleggjering fordi han opphavleg kjem frå Litauen. Han jobbar som snikkar, men då han kjøpte seg bil, skreiv folk meldingar om at han sikkert hadde stole pengar for å få råd til den. Det er kort og godt uverdig. Både Józef og Tadas skal ha ros fordi dei står fram med sine historier. Første steg for å løyse eit problem, er å erkjenne at det finst. Sjølv om det er eit fåtal personar som står bak ugjerningane, kan dei likevel gjere stor skade.

Undersøkingar har vist at minoritetar ikkje blir netthetsa meir enn resten av befolkninga, men ofte på ein annan måte. Medan majoritetsbefolkninga får ubehagelege kommentarar knytt til politiske standpunkt eller argument i ei sak, kan personar med innvandrarbakgrunn oftare oppleve hetsing knytt til etnisitet, hudfarge og religion. Det er opplagt annleis å få ubehagelege kommentarar om sin eigen person, enn til kva ein meiner om ei sak.

Alle bedrifter har plikt til å etablere gode rutinar for varsling av trakassering og kritikkverdige forhold. I lokal- samfunnet handlar det ikkje berre om lover og reglar, men om å bry seg om at andre har det bra. Sakleg usemje og friske diskusjonar skal det alltid vere rom for, men å gå til angrep på ein persons identitet er noko anna. Hets og sjikane er fullstendig uakseptabelt.

Personar som har opplevd mobbing som barn, har i ettertid fortalt at det ikkje alltid var mobbarane som var verst å takle. Det aller verste var dei passive som berre såg på, og dermed godtok overgrepa. Vi har alle eit ansvar for å behandle andre menneske som likeverdige. Sunnmøre har alltid vore internasjonalt orientert, og vi har eit arbeidsliv som er avhengig av arbeidsinnvandring. Det burde gi oss ekstra gode grunnar til å vise integrering og inkludering i praksis.