Pasientar med demens kan vere særleg utsette for overmedisinering, mellom anna for å redusere uro. Slik overmedisinering kan i mange tilfelle dessverre gjere både den generelle helsetilstanden og demenslidinga verre.

Forsking på dette området viser at det er eit stort omfang av potensielt uheldig legemiddelbruk hos eldre i Norge, både blant heimebuande og på sjukeheimar. Men forskinga syner også at det finst gode metodar på å behandle uro hos demente utan bruk av medikament.

Det er særs viktig at helsevesenet gjer bruk av denne kunnskapen. Målet må vere ein kraftig reduksjon i den potensielt skadelege medisinbruken, samstundes som ein tek i bruk gode, medikamentfrie behandlingsformer. Det vil kunne gi mange eldre både betre helse og betre livskvalitet.

Ved Sykehuset Innlandet er det gjort eit forskingsprosjekt med medikamentfri behandling av demente. Resultata er svært lovande. Metoden er no i ferd med å bli spreidd nasjonalt.

Forskar Bjørn Lichtwark seier til NRK at metoden er svært enkelt å bruke, og resultata frå forsøk ved 33 sjukeheimar syner betre resultat enn medikamentell behandling. Grunnlaget for metoden er god, individuell kartlegging og utgreiing og skreddarsydde behandlingsopplegg for den enkelte.

Dei viktigaste funna frå forskinga er at metoden merkbart reduserer uro og aggresjon, og truleg også depresjon og vrangførestillingar.

I Norge er det i dag rundt 80.000 personar med demens-diagnose. Kvar tredje av desse har ei eller anna form for utfordrande åtferd, og mange får medisinar som skal roe dei ned. Dessverre kan det også gi nye helseplager og forsterka uro på grunn av biverknader av medisinane.

Forskinga ved Sykehuset Innlandet er berre eitt av fleire prosjekt som syner ein annan veg, der ein med ny kunnskap og enkle middel kan gjere store endringar for ei svært utsett og ofte nedprioritert pasientgruppe. Det er viktig at det blir brukt ressursar på slik forsking. Like viktig er det at kunnskapen blir spreidd og teken i bruk. Målet er at god livskvalitet skal vare livet ut, uavhengig av kva diagnose ein får.

Her finn du alt meiningsstoffet på Smp.no