Leiar, 22.mai 2019:

Tilliten til Mattilsynet har fått ein alvorleg knekk

Feil på feil: Rapporten frå tilsynet på pelsdyrfarmen var så full av feil at Mattilsynet måtte trekkje den. Så alvorlege feil burde ha blitt fanga opp langt tidlegare. Foto: NTB Scanpix  Foto: NTB Scanpix

Rettstryggleiken og livsgrunnlaget til ein kafédrivar eller minkbonde kan ikkje overlatast til tilfeldig skjønn

Leder

Mattilsynet skal sjå til at vi får trygg mat og trygt drikkevatn, at matproduksjonen er miljøvennleg og at dyrehaldet er etisk forsvarleg. Tilsynet har ei viktig samfunnsoppgåve, og skal sikre både folkehelse og dyrehelse.

Difor må Mattilsynet ha vide fullmakter og maktmiddel. Berre slik kan det setjast i stand til å sørgje for at regelverket blir etterlevd til det beste for oss alle. Men med slik makt følgjer det også eit stort ansvar. Misbruk av makt eller grove feil i maktutøvinga kan ikkje tillatast.

Historia om ein minkbonde i Rogaland som vart hengt ut av Mattilsynet på grunnlag av ein sterkt feilaktig rapport, rokkar ved den tilliten som tilsynet er heilt avhengig av.

«Dyretragedie» var eitt av orda som vart brukt i tilsynsrapporten frå Rogaland. Det vart hevda at dyr var sjuke, uttørka og fekk for lite mat. Rapporten tilrådde mellom anna avvikling av dyrehaldet, ei avvikling som ville gitt store inntektstap og tap av omdøme for bonden.


Frp vil bedre erstatningsordninger for pelsdyrbønder

Flere tillitsvalgte i Frp er kritiske til regjeringens erstatningsordning når pelsdyrnæringen avvikles. De vil bruke mer tid og penger før ordningen innføres.


Bonden valde å filme besøket der han vart orientert om resultatet av den umelde inspeksjonen. Her måtte inspektørane etter kvart vedgå at det var gjort feil, så grove feil at Mattilsynet til slutt trakk tilbake heile rapporten. I tillegg vart det foreslått å slette saka frå postlistene, og slik kunne ein unngå at den vart offentleg kjent.

Slik kan vi sjølvsagt ikkje ha det. Difor er det bra at landbruksministeren har kalla Mattilsynet inn på teppet og at Politiet no etterforskar saka. Ein feil frå Mattilsynet si side kan få store konsekvensar for den som blir kontrollert.


93 ordførere vil bevare pelsdyrnæringen

Til sammen 93 ordførere kjemper for landbrukets fjerde største eksportnæring, og har signert et opprop for å bevare pelsdyrnæringen i Norge. Seks av ordførerne er fra Nordvestlandet.


Ansvaret for å utøve makt kviler på tillit, og slik tillit må forvaltast og vernast. Det gjer ein ved å ha høg etisk standard og gode system for eigenkontroll. Feil kan bli gjort. Mattilsynet kan til og med ha tilsette som gjer ein dårleg jobb eller som går ut over sine fullmakter, men slikt må fangast opp i tide.

Rettstryggleiken og livsgrunnlaget til ein kafédrivar eller minkbonde kan ikkje overlatast til tilfeldig skjønn og udokumenterte påstandar. Det må vere ei smal sak å dokumentere tilsyn, slik at så grove feil ikkje kan bli gjort. Jobben Mattilsynet gjer er viktig, for viktig til å bli gjort dårleg.