Leiar

«Vi treng eit Europa som trur på fellesskap»

Fram: Marine le Pens nasjonalistiske parti vart det største franske partiet i valet til Europaparlamentet, men framgangen til desse partia vart mindre enn venta.   Foto: Foto: NTB Scanpix

Norge står utanfor EU, men vi står ikkje utanfor Europa

Leder

Klima, migrasjon og Brexit har bidratt til auka polarisering i valet til Europa-parlamentet. Dei tradisjonelle makt- og folkepartia går kraftig tilbake. Fløyene går fram. Det vil gi europeisk politikk ny ein dynamikk, og det vil skjerpe frontane i europeisk verdikamp.

Dei konservative og sosialdemokratane har for første gong ikkje reint fleirtal saman, og kan difor ikkje lenger dele makta seg imellom. Dei må søkje kompromiss og få støtte frå andre partigrupper for å oppnå resultat.


Dansk Folkeparti i villrede etter valgnederlag

Høyrepopulistene i Dansk Folkeparti (DF) er skuffet og overrasket etter nederlaget i EU-valget.


Alternativet er eit handlingslamma parlament som manglar kraft til å ta fatt i nettopp dei store utfordringane Europa står framfor. Det vil både kunne svekkje europeisk styrke i viktige saker som klima, migrasjon, global handel, teknologisk utvikling og tryggleikspolitikk, men kan også utfordre europeisk samanhengskraft.

Ein breiare koalisjon, som inkluderer dei grøne, dei liberale eller begge, treng ikkje gi svaret på alle utfordringar i eit meir polarisert parlament. Partigruppene her er ikkje tradisjonelle parti med felles program, men grupper av nasjonale parti som ofte er prega av indre avstand og splitting.


EU vil omgå USA i WTO

EU vil ta steg for å omgå USAs forsøk på å blokkere tvisteløsningsmekanismen i Verdens handelsorganisasjon (WTO), ifølge Bloomberg.


Resultatet av dette er at svært mange saker blir avgjort med små marginar. I eit meir fragmentert og polarisert parlament vil det kunne gi meir makt til ytterfløyene ved at dei kan lettare blokkere avgjerder. Slik vil parlamentet si makt og handlekraft kunne verte svekka.


Handelssamtaler med USA fikk ikke støtte i EU-parlamentet

En resolusjon om støtte til handelssamtaler med USA ble nedstemt i EU-parlamentet. Det er et uventet tilbakeslag for prosessen med å unngå handelskrig med USA.


Eit svekka parlament vil gi større makt til dei store statane og meir makt til EU-toppmøtet. Samstundes vil vi truleg sjå ein endå meir skjerpa verdikamp mellom fellesløysingar og nasjonalisme. Det kan gi eit svekka Europa.

Norge står utanfor EU, men vi står ikkje utanfor Europa. I eit stadig kjøligare globalt, politisk klima både tryggleikspolitisk og handelspolitisk, treng vi nære allierte. Europa står oss nærast. Eit svekka Europa gir eit svekka Norge.

Vi må difor håpe at viljen til koalisjon-bygging og viljen til å finne kompromiss er sterkare enn evna til å blokkere og lamme det nye Europa-parlamentet. Den som lurer på korleis eit handlingslamma parlament ser ut, kan sjå til London.


Brexitparti kan bli EU-parlamentets største

Brexitpartiet i Storbritannia, som vil ha landet ut av EU så raskt som mulig, kan bli det største enkeltpartiet i hele EU-parlamentet.