Ei spissing av den politiske organiseringa av Møre og Romsdal fylkeskommune er naudsynt og smart. Kutt i fylkesordførarløna gir også ein grei signaleffekt. Det er verre å sjå logikken i at små parti skal straffast fordi dei er små.

For også små partigrupper har sine grupper av veljarar bak seg som har rett til å bli høyrd og ha eit ord med i laget. Om partigruppa består av ein eller to personar, krev det meir innsats å gjere ein god jobb enn i ei større partigruppe der arbeidet kan fordelast på fleire.

Argumentet for denne endringa er at det må vere større samsvar mellom arbeidsinnsats og økonomi. Det er klokt. Men fylkespolitikk handlar ikkje om at alle folkevalde skal «oppleve å ha fornuftige og meiningsfulle verv», men at ulike grupper av veljarar er forsvarleg representerte.

I fylkestinget i juni skal altså politikarane legge løpet for korleis dei skal arbeide i neste valperiode. Her må dei ta stilling til eit kutt i talet på utval frå åtte til fem, av desse tre hovudutval. Det er Regional- og næringsutvalet som må til pers.

Oppgåvene og musklane til dette utvalet har blitt mindre dei seinare åra, og det er difor fornuftig å flytte dei attverande oppgåvene inn i andre utval. Færre hovudutval bidrar også til ei meir heilskapleg politisk styring. Det same gjer kutt i talet på underutval frå fire til to.

Endringane gir også ei innsparing på rundt 1,5 million kroner. Dette er kanskje ikkje den store summen sett i høve til kor store kutt fylkeskommunen må ta, men både dette og eit kutt i fylkesordføraren si løn på 100.000 viser ei vilje frå politikarane til å ta sitt.

Framleis vil det vere temmeleg økonomisk lukrativt å høyre til det politiske A-laget i fylkeskommunen. Dei som sit i sentrale posisjonar er godt betalte heiltidspolitikarar. Dei som hamnar utan sentrale verv, sit att med smulane.

For å sikre ein best og breiast mogeleg representasjon av veljarane, må ein difor sikre at alle partigrupper kan jobbe godt over eit stort saksfelt. Difor må dei minste partigruppene sikrast ekstra økonomisk. Dette er ikkje eit spørsmål om feite politikarlønar, men om demokrati i praksis.