Leiar

«Festen er over, buffeten er tom»

Kutt Fylkesutvalet foreslår å kutte 112 millionar på drifta frå neste år. Det vil ramme skular, vegar og kultur, men akkurat kvar, får du først vite etter valet.  Foto: Arkivfoto

Leder

Hadde det vore enkelt å slanke seg, så hadde vi ikkje hatt problem med overvekt. Ein velfylt og fristande buffet kan vere vanskeleg å gå forbi. Når buffeten er rydda bort, og berre salaten står att, blir det enklare. Det kan fylkespolitikarane i Møre og Romsdal skrive under på.

For no er dei feite økonomiske tidene definitivt over. Gradvis har det gått opp for politikarane at fylket har levd over evne. Fylkesutvalet strevde seg tirsdag gjennom den politiske organiseringa for komande fylkestingsperiode, revidering av økonomiplan fram til 2022 og rammene for det komande økonomiplan-arbeidet.


Kan havne på Robek: – Dette vil påverke alle sektorane i Møre og Romsdal fylkeskommune og innbyggarane i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune må gjennom kraftige sparetiltak for å unngå å bli plassert på Robek-lista og dermed bli uderlagt statlig økonomistyring, skriv fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik i sin innstilling til fylkesutvalet.



Nå kommer de økonomiske kuttene i fylkeskommunen:

Tjenester står i fare når fylket må kutte flere hundre millioner kroner

– Venstre fremmet forslag om kutt for to år siden. Jeg advarte mot dette da vi vedtok Nordøyvegen. Vi har lenge sett hva som kommer. Det sier fylkesvaraordfører Gunn Berit Gjerde.


No skal det kuttast 112 millionar i driftsbudsjettet allereie frå neste år. Det er berre starten. I trinn to skal dette doblast. I tillegg må dei bu seg på å kutte kraftig i ønskelista over nye prosjekt. Gjeldsgraden til fylkeskommunen er i ferd med å ryke i taket, og sprengjer det allereie neste år. Og pila peikar vidare oppover i «raud sone».

Kutt gjer vondt, men no var det altså ingen veg utanom. Fylkeskommunen har strak kurs mot Robek-lista. Pila peika allereie frå neste år mot eit negativt driftsresultat, og avstanden opp til målet om eit positivt driftsresultat på 2 prosent kunne blitt på svimlande 225 millionar.


Fylkestinget skyver kuttene til sommeren:

Øker investeringene med en halv milliard kroner

Fylkestinget valgte enda en gang å utsette vedtak om økonomiplan. I stedet plusset de på investeringene med en halv milliard kroner.


Fylkesrådmannen har lenge advart mot kursen, men den politiske viljen til å ta grep har vore svak. To gongar tidlegare har fylkestinget skubba økonomiplanen framfor seg, først i desember og no seinast i april. Eit arbeidsmøte i mai ser derimot ut til å ha gjort susen. I fylkesutvalet tirsdag var brått politikarane ivrigare enn fylkesrådmannen på å synleggjere handlekraft.

I framlegget til revidert økonomiplan blir det no foreslått å kutte 50 millionar på utdanning, 50 millionar på samferdsel og tolv millionar på godtgjersler til politikarane, stabsfunksjonar, kultur og regional- og næring. Først i budsjettmøtet i desember kjem dei første konkrete framlegga under kniven.


Fortviler over Nerlandsøybrua

– Får meg til å angre på gjenvalget

– Dette er en liten, men utrolig vanskelig sak. Hadde jeg visst dette vil jeg angret på at jeg tok gjenvalg, sier leder av samferdelsutvalget, Kristin Sørheim.


Allereie no er det klart at PC-ordninga til elevar i vidaregåande skule, skuleskyssordninga, dårleg søkte studieretningar, kostbare utdanningstilbod og kollektivtilbodet må under sparekniven. Fylkesrådmannen har også sett skulestrukturen på lista. Så langt er dette likevel berre dei store overskriftene, og dei er det lett å samle fleirtal bak.



Den endelege rekninga legg det sitjande fylkestinget att til neste bordsetning. Verkeleg vondt kjem dette først til å gjere når det nyvalde fylkestinget trer saman etter valet. Først då må dei ta bussen, skuletilbodet eller PC-en frå verkelege menneske. Det er ingen som går i fakkeltog mot eit kutt på 112 millionar, men når skulen skal leggast ned, læraren må slutte og poden må flytte på hybel, då kjem protestane.

Då kjem heilt sikkert også ropet om etterfylling av buffeten, men det er fare for at det også er tomt på kjøkenet.