Trygt drikkevatn rett frå springen tar vi for gitt. Epidemien som no har herja i Askøy i Hordaland, fortel at vi ikkje bør gjere det. Eit slikt smitteutbrot kunne ha skjedd i mange andre norske kommunar.

For sjølv om det dei siste tiåra er gjort mykje for å trygge tilgangen på reint drikkevatn, gjenstår det mykje. Etterslepet i vedlikehaldet i vassforsyninga er formidabel. Særleg alvorleg er tilstanden på leidningsnettet. I mange kommunar får innbyggjarar vatn gjennom vassrøyr som kan vere meir enn hundre år gamle.

Store mengder av drikkevatnet går difor tapt gjennom lekkasjar, truleg så mykje som 30 prosent. Dette er sløsing både med vatn og pengar. Endå verre er det likevel at dårlege vassrøyr aukar faren for vassboren smitte. Vatnet kan bli utsett for smitte gjennom lekkasjar i røyra, sjølv om det både er reinsa og kontrollert før det er sendt ut i leidningsnettet.

Jobben med å få bukt med forfallet er formidabel. Det er også kostnadane. Vedlikehaldsetterslepet på vassforsyninga i Norge er av Mattilsynet kostnadsrekna til over 110 milliardar kroner. Rådgivende ingeniørers forening meiner talet er dobbelt så høgt.

Framleis er ikkje kjelda til det store smitteutbrotet i Askøy endeleg avklart, men mykje tyder på at vatnet er forureina med bakteriar ved eit høgdebasseng. Ein undersøkjer også om skader på vassrøyr kan ha skulda. Så mange som 2.000 kan ha vorte sjuke i denne epedimien. Fleire enn 60 har vorte innlagde på sjukehus. Også dødsfallet til eit lite barn er knytt til dette smitteutbrotet.

I Mattilsynet sin årsrapport for fjoråret blir det åtvara mot eit aukande forfall. Mange kommunar har for dårlege reserveløysingar til hovudvasskjelda, og utskiftinga av gamle vassrøyr går altfor sakte. I Ålesund kommune vart det for ikkje lenge sidan slått fast at det ville ta 300 år å fornye leidningsnettet med den fornyingstakta som var då.

Ålesund er ikkje åleine. Mattilsynet hevdar at om norske kommunar held tempoet dei hadde 2015-2017, vil det ta mellom 140 og 160 år å skifte ut alle vassrøyr. Det seier seg sjølv at dei nye røra ein legg ned i dag vil gå ut på dato lenge før ein har kome rundt.

Slik kan det ikkje halde fram. Ansvaret for å stoppe forfallet ligg hos lokale politikarar. Det er forståeleg at dei kan vegre seg mot å pålegge innbyggjarane høgre avgifter, men smitteutbrotet er ei påminning om at prisen for å la forfallet halde fram, kan bli endå større.