Fallhøgda for Helse Midt-Norge sitt nye store IT-prosjekt, Helseplattformen, er stor. Ein bør difor alt no gjere det ein kan for å unngå ei hard krasjlanding. Ei god forsikring mot det er å ta dei som skal bruke det nye systemet med på laget tidleg.

Vegen til ein suksess går via aktiv brukarmedverknad. Det er ein nøkkel til å få eit verktøy som er brukarvennleg. Dette er eit minstekrav for å gjere kvardagen enklare for brukarane når systemet skal takast i bruk. I tillegg er det ein viktig del av salsarbeidet. Lukkast ein ikkje med det, er mykje tapt.

Vegen til ein sikker fiasko går gjennom å bruke milliardar på å utvikle eit system som ikkje vert teke i bruk av alle som bør gjere det. Då går ein glipp av viktige gevinstar som systemet er meint å gi. Fastlegane i kommunane er sjølvstendig næringsdrivande, og brukar sjølvsagt ikkje store summar på eit system som ikkje er langt betre enn det dei har i dag.

Kommuneoverlege Tom Christiansen i Ørskog er uroleg for manglande brukarmedverknad. Til Sunnmørsposten seier han at den største risikoen er at kommunane, fastlegane og avtalespesialistane ikkje kjøper det nye systemet. Desse har i dag gode elektroniske pasientjournalar. Går ikkje dei over i det nye systemet, forsvinn ein viktig samhandlingsgevinst.

Helse Midt-Norge har enno tid på seg til å fikse dette. Arbeidet med Helseplattformen startar først for fullt over sommaren, og det skal ikkje vere ferdig før i 2022. Når mange likevel er urolege, så er det fordi det er så få spor av at dette vert teke på alvor. Overordna samhandlingsutval i Møre og Romsdal gav for over ein månad uttrykk for si uro, men har sjølv etter purring ikkje fått svar.

Eit prosjekt som det vert satsa så tungt på som dette kan ikkje koste på seg slik arroganse. For det første bør ein ta brukarane si uro over manglande medverknad på alvor og gi svar. Så bør ein gjere grep for å få brukarane med.

Slike prosjekt kan lett falle inn i si eiga boble. Vi veit så inderleg vel frå andre store offentlege IT-prosjekt kor gale det kan gå. Det er nok å peike på Politiet sitt straffesakssystem. Forseinkingane førte til at innføring av den nye straffelova måtte utsetjast i fleire år. Eller på NAV, der både tida og milliardane rulla ut.

Dei danske erfaringane med det amerikanske systemet som Helseplattformen skal bygge på, er heller inga solskinshistorie.

Det er lov å lære av andre sine feil. Helseplattforma må snarast syne at dei har den evna, og ikkje føye seg inn i rekkja av offentlege IT-skandalar.