Midt på natta blir hjelpetrengande eldre frakta ut av sjukehus for å bli køyrd heim. VG avslørte sist laurdag at dette skjer i stort omfang over heile landet. Demente, som er ekstra avhengig av søvn, tryggleik og faste rutinar, blir vekte opp og frakta bort som pakkar. Det er uverdig, respektlaust og vitnar om eit system som ikkje fungerer.

I VG-reportasjen vart det fortalt om ei 82 år gamal, dement kvinne som vart sendt til sjukehuset i Østfold for planlagt blodoverføring. Då behandlinga var ferdig, måtte ho ligge i ein sjukehuskorridor i seks og ein halv time medan ho venta på transport. Ho vart køyrd heim til sjukeheimen om natta, og kom fram like før sola stod opp. Turen var ei sterk påkjenning for kvinna, som vart forvirra, aggressiv og psykotisk. Personalet på sjukeheimen måtte bruke to dagar på å få henne på rett kjøl igjen. I fjor vart det køyrd minst 1546 nattlege turar med sjuke eldre over 74 år frå sjukehus, og 138 av desse turane var i Møre og Romsdal.

Helseminister Bent Høie (H) har varsla full stans i praksisen med natt-transportar etter reportasjen. Det er bra med rask reaksjon, men det er behov for meir enn dette. Transportane av sjuke, eldre om natta har auka etter at samhandlingsreforma trådde i kraft i 2012. Målet med reforma er at sjukehusa skal behandle fleire ved at pasientane kjem raskt tilbake til kommunane. Men det er ikkje nok at behandlinga er forsvarleg, den skal også vere omsorgsfull. Menneske skal behandlast med verdigheit.

Det er all grunn til å rose VG for å ha avdekka ein alvorleg systemsvikt Det er ingen som har planlagt at eldre, demente skal fraktast rundt i landet nattetid. Det er berre blitt slik. Det har ikkje skjedd av vond vilje, men fordi systemet har lagt opp til det. Mange helsearbeidarar har reagert på praksisen, men det har vore vanskeleg å gjere noko med det. Når sjukehusa blir premiert for kort liggetid, blir det viktig å få ut pasientane så raskt som mogleg. Det manglar eit heilskapleg ansvar for dei mest sårbare pasientane. Det må Bent Høie ta ansvar for, og snarast sørge for at samhandling mellom kommunar og sjukehus blir meir enn tomme ord.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!