Helse Møre og Romsdal manglar avansert bildeskannar som kan avdekke mellom anna kreftsjukdom. PET-skannar kan avsløre kreftsvulstar, kan undersøke effekten av behandling, kan vurdere omfanget av sjukdomen og finne ut om kreften har spreidd seg.

Metoden kan brukast til å stille diagnosar i både hjerne og hjarte. Pasientar i Møre og Romsdal må i dag reise til St. Olavs hospital i Trondheim for å få utført slike undersøkingar. Det er venta at St. Olavs nærmar seg full kapasitet på sin PET-skannar neste år.

Dersom det skal kjøpast inn ny skannar, meiner vi den bør plasserast i Ålesund, og ikkje i Trondheim.

Fredag vart det lagt fram rapport som viser at det er plass til PET-skannar i dagens bygningar på Åse. Det er gledeleg, for ein har tidlegare trudd at det var behov for nybygg til utstyret.

Sjølve apparatet vil koste 25–30 millionar kroner, og er ei stor investering. I det ferske landstidsbudsjettet for Helse Møre og Romsdal er det ikkje lagt inn midlar til dette.

Dersom det skal bli økonomisk lønsamt å kjøpe PET-skannar til Ålesund sjukehus framfor å sende pasientane til Trondheim, må bruken doblast i forhold til i dag, viser utrekningar.

I Danmark blir det til utført PET-undersøkingar seks gonger så ofte som det som er tilfelle for pasientar frå Møre og Romsdal. Norge ligg langt etter land som Danmark og Belgia når det gjeld denne form for undersøkingar, og internt i Helse Midt ligg Møre og Romsdal på sisteplass.

Det er ikkje mindre behov for presise diagnosar i Møre og Romsdal enn andre stadar, så det kan handle om at tilbodet er dårlegare kjent.

Når sjukehuset for Nordmøre og Romsdal etter planen står ferdig i 2024, skal nukleærmedisinsk avdeling i Molde flyttast til Ålesund. Etablering av PET-skannar vil såleis kunne bli første steg i arbeidet med å bygge opp dette tilbodet.