Åse sjukeheim tek sjølvkritikk for rutinesvikt etter at 86 år gamle Randi Johnsen måtte bruke same kateterpose i tre veker. Barna hennar var opprørte over behandlinga som mora fekk på sjukeheimen, og tok kontakt med Sunnmørsposten. I ein reportasje i tysdagsavisa blir kritikken framført, og sjukeheimen får høve til å svare for seg. Det er viktig at slike historier kjem fram, for rutinesvikt og feil skjer ved mange sjukeheimar. Eldre pleietrengande, som ikkje kan tale si eiga sak, er avhengig av at andre slår alarm. Det er ikkje alle som er så heldige at dei har pårørande som passar på.

For å kunne lære av feil, må dei bli kjent. Helsepersonell har plikt til å rapportere om avvik, slik at det kan bli rydda opp. Det er etisk uakseptabelt å ikkje seie frå om uverdige eller uforsvarlege forhold. Det gjeld ikkje berre feil i sjølve behandlinga, men også kritikkverdige og nedlatande haldningar overfor eldre og pleietrengande. Ifølge lova for helsepersonell har alle pasientar krav på å bli behandla med vennlegheit, forståing og respekt.

Pårørande er ein svært viktig ressurs i helsevesenet, likevel er det mange som opplever at dei blir sett på som brysame og masete. – Det bør oppdrettas eit «FAU» for pårørande, uttalte leiaren i den nasjonale Pårørandealliansen og Pårørandeaksjonen, Anita Vatland, til NRK Sogn og Fjordane tidlegare i år. Ho meiner at det bør opprettast eit eige lovpålagt pårørandeutval ved alle institusjonar, etter modell frå FAU i skuleverket. I dag er det ei utfordring at pårørande ikkje har ei formell rolle mange stadar i pleie- og omsorgstenesta. Pårørande kan få tilbod om samtale med den næraste pleiaren, men det er ikkje rutinar for å melde dette vidare. Dersom det er for lav bemanning som fører til at eldre, pleietrengande ikkje får den hjelpa dei skal ha, er det avgjerande at dei som styrer pengesekken blir kjent med forholda.

Statens helsetilsyn behandlar kvart år ei rekkje saker der det blir klaga over at pasientar ikkje har fått forsvarleg og omsorgsfull behandling. Helsetilsynet kan gi påbod om retting, og åtvaring til helsepersonell. Ved å sette søkelys på mangelfull behandling og omsorg, kan ein vere med på å førebyggje at andre pleietrengande blir utsette for dei same feila.