Alle elevar har krav på eit trygt og godt læringsmiljø. Regjeringa har dei siste åra gjennomført ei rekkje tiltak for at sikre at visjonen «null mobbing» skal føre til praktisk handling.

Den nye mobbelova, som trådde i kraft hausten 2017, styrka rettane til dei som blir mobba, og gjer det lettare å melde frå om kritikkverdige forhold. Det er positivt.

Mobbing kan skade barn for livet, og er eit alvorleg samfunnsproblem. Elevar og foreldre kan no melde inn saker direkte til fylkesmennene dersom dei meiner at skulen ikkje tek problema på alvor.

Det er dessutan gjennomført fleire opplæringstiltak for å styrke skulane og barnehagane si evne til å handtere mobbesaker. Etter at lova gjorde det lettare å melde inn krenking, mobbing og diskriminering av elevar, er talet på saker til fylkesmennene nesten nidobla, viser ein fersk rapport gjennomført av Deloitte på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Den eksplosive utviklinga i klagesaker viser at lovendringa har hatt effekt.

Endringa i opplæringslova betyr mellom anna at det er eleven si eiga oppfatning som skal leggast til grunn i saker som handlar om krenking og mobbing.

Det er viktig å ta elevens oppleving på alvor, men ofte kan ei sak ha fleire sider.

Ei undersøking Respons Analyse har gjennomført på oppdrag frå Klassekampen, viser at seks av ti lærarar føler seg meir utrygge på grunn av den nye mobbelova.

57 prosent av lærarane meiner at deira rettstryggleik er svekka, fordi det er elevens subjektive oppfatning som skal leggast til grunn i alle saker.

Mellom utfordringane som blir nemnt er at elevar som ikkje er vane med grensesetting, kan oppfatte ein streng vaksen som krenkande.

Det blir også fortalt om elevar som trugar med å melde læraren for trakassering, dersom dei ikkje får den karakteren dei ønskjer seg. Enkelte lærarar kvir seg for å vere åleine med elevar, av frykt for å bli utsett for falske skuldingar. Trass i desse funna, er det overveldande stor oppslutning om lova. 77 prosent av lærarane meiner at innføring av paragraf 9A (det som blir kalla mobbelova) er eit positivt bidrag til å sikre elevane sin rett til eit trygt skulemiljø.

Sjølv gode lover kan ha utilsikta uheldige konsekvensar. I arbeidet med å forebygge at ingen barn blir utsett for mobbing, må ein samtidig unngå å svekke lærarens rolle som leiar i klasserommet. Dette må det takast omsyn til i det vidare arbeidet med opplæringslova.