Politiet vil ha fleire fotoboksar som måler snittfart. Regjeringa vil ha færre. Difor blir planlagde prosjekt stoppa, og politiet og Statens vegvesen er sett til å fjerne eksisterande strekningsmålingar. Ålesunds-tunnelane vert ei av dei siste strekningane på lang tid som får slik måling.

Framstegspartiet fekk gjennomslag for dette under forhandlingane på Granavolden i vinter. Trass i faglege råd om det motsette, er dette altså no regjeringa sin offisielle politikk – blant anna saman med eit mål om å heve maksimal fartsgrense til 120 kilometer i timen.

Samtidig slår regjeringsplattforma fast at nullvisjonen står fast. Det er vanskeleg å sjå den logiske samanhengen i dette.

Kampen mot trafikkdøden er ei av dei mest vellykka satsingane i norsk samferdslepolitikk det siste halve hundreåret. Talet på døde har gått ned frå over 500 til 100 frå 1970-talet. Berre i løpet av det siste tiåret er talet på trafikkdrepne halvert.

Mykje skuldast tryggare vegar og tryggare bilar, men det forklarar ikkje alt. Norge har hatt langt større suksess enn til dømes Sverige. Bilane er like trygge der, og standarden på hovudvegane langt betre. Innsatsen for å få ned farta er ei viktig forklaring på skilnaden.

Høg fart tar liv. I meir enn kvar tredje dødsulykke er farta anten årsak til ulykka eller til at den får eit dødeleg utfall. Kampen for å berge liv og kampen mot fartsoverskridingar er difor to sider av same sak.

Omsyn til personvernet blir brukt som argument for å droppe fotoboksene. Samferdselsministeren meiner dei har eit element av overvaking ved seg. Det er rett, og ein må gjere det ein kan for å trygge personvernet. I bruken av fotoboksar er dette omsynet løfta høgt.

Vanlege fotoboksar fotograferer berre lovbrot. Ved strekningsmåling blir alle fotografert, men bileta av dei lovlydige blir ikkje lagra. Personvernet er altså langt betre teke i vare enn ved kameraovervaking på butikkar og bensinstasjonar, der det skal hindre tjuveri og hærverk.

Også skular, barnehagar, grenseovergangar, innfartsparkeringar og – no sist – slakteri er det gjort framlegg om å kameraovervake i den seinare tid, fleire av desse etter initiativ eller med støtte frå samferdselsministeren sitt eige parti.

Vi kan ikkje legge terskelen høgre i kampen for å berge menneskeliv enn i vernet av eigedom, dyrevelferd eller grensevern.