Nær halvparten av kommunane på Nordvestlandet har ikkje vedtekne retningsliner mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Det er det ingen gode orsakingar for.

Kommunane må gå i front i kampen mot arbeidslivskriminalitet.

Kriminelle aktørar i arbeidslivet undergrev livsgrunnlaget for seriøse aktørar, utnyttar arbeidskraft og svekkjer arbeidsfolk sine rettar og vilkår. Særleg små bedrifter kjenner slik useriøs konkurranse på kroppen. Skatte- og avgiftsjuks svekkjer også kommunane sitt eige økonomiske grunnlag og undergrev velferdsgoda for alle.

Norske kommunar kjøper årleg varer og tenester for godt over 200 milliardar kroner. Slik innkjøpsmakt gir musklar, og det er eit samfunnsansvar å bruke desse til fellesskapets beste.

I botn må det ligge klare, vedtekne krav til leverandørar og god kontroll på at desse vert følgde.

Ifølgje Fagforbundet er det no berre ein av tre av 427 kommunar som har innført slike krav. 274 kommunar har altså ikkje gjort det. Tolv av 25 kommunar i Sunnmørsposten sitt dekningsområde er blant desse.

Det gjeld både større og mindre kommunar med eit samla folketal på 47.000.

Sjølvsagt ynskjer også desse å bidra til eit ryddig, lovlydig arbeidsliv, og dei skal drive sine innkjøp i tråd med lover og reglar, slik som Lov om offentlige anskaffelser. Nokre meiner nok også at dei har god oversikt over sine område, at det er berre i dei store byane dette er eit problem. Det er feil.

Svart arbeid, skatte- og avgiftsjuks, forsøk på korrupsjon og brot på Arbeidsmiljølova skjer ikkje berre i storbyane. Dette skjer også i små kommuner, og råkar lokale bedrifter og kommunene sine eigne innbyggjarar.

Stordal og Stavanger har sjølvsagt ulike utfordringar og behov. Difor er det naturleg at regelverka varierer. Alle treng likevel ikkje å «finne opp krutet» sjølv.

Fleire etablerte og utprøvde modellar er i bruk, og KS gir hjelp i arbeidet. Terskelen til å vedta og innføre meir effektive reglar, rutinar og kontroll for eigne innkjøp treng altså ikkje vere så høg. Dei kommunane som ikkje har kome seg over denne «dørstokkmila», bør snarast ta det første steget.