Leiar

«Byråkratiet krympar ikkje av seg sjølv»

Kritisk: Kommunalminister Monica Mæland er kritisk til tala som syner at byråkratveksten er størst i kommuner som slår seg saman.   Foto: Staale Wattø

Den enkelte kommune har hovudansvaret for å hindre at byråkratiet eser ut

Leder

Små kommunar brukar meir enn store i administrasjon, målt både etter folketal og i prosent av driftsbudsjettet. Samanslåing av kommunar må difor slå ut i lågare administrasjonskostnadar, men det kjem ikkje av seg sjølv.

Avbyråkratisering er ingen lett jobb. Det syner utviklinga i det statlege byråkratiet. Etter seks år i regjering, der ei av fanesakene har vore å redusere det statlege byråkratiet, aukar det framleis. I beste fall har veksten bremsa litt.


Flere byråkrater i kommuner som skal slås sammen

Kommunene som skal slås sammen fra 1. januar neste år, har hatt en kraftig økning i antallet byråkrater, viser nye tall.


Når tal frå SSB indikerer at talet på byråkratar veks meir i kommunar som skal slå seg saman enn i andre, bør ein vere på vakt. Er ein for oppteken av reformsuksess til å vere kritisk, kan det svekkje gevinsten av kommunereforma.

SSB-tala vart presentert av Klassekampen nyleg. Dei syner at byråkratiet frå 2015 til 2018 har vakse dobbelt så mykje i samanslåingskommunar som elles. Det er tvil om kor presist dette er, sidan SSB har endra metode i løpet av perioden.


Ny kommunestruktur

Kva gjer ein med resten?


Fullstendig skivebom er det likevel neppe. Tilsvarande tendens såg ein også i Danmark etter kommunereforma der. Difor bør kommunalminister Monica Mæland (H) halde seg for god til berre å avvise tala, sjølv om ho har rett i at det er for tidleg å evaluere reforma no.

Noko av byråkratveksten er truleg resultat av reformarbeidet. Nye strukturar med nye funksjonar blir etablert før ein er kvitt dei gamle. Erfaringane frå Danmark syner dessverre at det kan ta lang tid. Uansett bør lista leggjast høgre. Målet må vere mindre byråkrati og meir effektiv drift.


Mæland åpner ny runde med kommunesammenslåing

Selv når antallet kommuner i Norge er kuttet til 356 vil halvparten ha færre enn 5.000 innbyggere. Kommunalminister Monica Mæland (H) vil slå sammen flere.


Den enkelte kommune har hovudansvaret for å hindre at byråkratiet eser ut. Regjeringa og staten må likevel ta sin del av dette. Det må starte med at ein faktisk ser faren for ei slik utvikling, at ein ser kritisk på kva som kan føre til at det blir slik og at ein set inn tiltak for å motverke det.


Haram-ordføreren:

– All makt til rådhuset i Ålesund

Haram-ordfører Vebjørn Krogsæter konstaterer at hele den administrative makta i nye Ålesund kommune blir sittende på rådhuset i Ålesund.


Staten må sjå kritisk på si detaljstyring av kommunane. At talet på kommunar blir redusert, gir ikkje i seg sjølv eit meir effektivt forvaltningsnivå. Lappeteppet av store og små kommunar består framleis. Skal ein ta ut gevinst i form av meir effektiv drift, må det følgje meir sjølvstende og mindre rapportering og kontroll med auka kommunestorleik.