Også hytteeigarar har krav på informasjon og bli høyrde når kommunen tar avgjerder som gjeld dei. Det bør likevel ikkje skje gjennom stemmerett ved kommuneval. Stemmeretten må vere knytt til kommunen ein bur fast i og skattar til.

Fastbuande bør behalde sin eksklusive rett til å bestemme korleis kommunestyret blir samansett. Dei er avhengige av eit godt, heilskapleg og heilårleg tenestetilbod – frå helsestasjon, barnehage og skule til ei god eldreomsorg.

Desse interessene bør ikkje kunne bli overkøyrd av særinteresser med svak tilknyting til kommunen.

Hyttefolket gir eit viktig bidrag til verdiskaping og sysselsetting i dei store hyttekommunane. Bygging og vedlikehald av hytter gir arbeid til handverkarar, og hyttegjestane legg att pengar i lokale butikkar og i kjøp av tenester.

Dei har også klare interesser som må takast omsyn til. I ein del saker er det kryssande interesser der mange hytteeigarar kan føle seg oversett og utnytta – dessverre med rette.

Det kan vere freistande for eit kommunestyre å lempe høge gebyr og eigedomsskatt over på hyttefolket, nettopp fordi dei ikkje kan ta att ved neste val. Når Norsk Hyttelag foreslår stemmerett til hytteeigarar ved lokalval, er kommunar som «skor seg» på hyttefolket. Slik bør det ikkje vere.

I dei største hyttekommunane kan i gitte situasjonar hyttefolket bli i fleirtal. Om folk som får alle sine helsetenester, skuletilbod og betalar skatt til ein annan kommune, skal få rett til å stemme i hyttekommunen, kan vi då oppleve at vitalt tenestetilbod til dei fastbuande blir skadelidande.

Kjenner hyttefolk seg sterkare knytt til hyttekommunen enn heimekommunen, bør dei melde flytting dit. I dag er det då eit krav at dei er der meir enn halve året. Då kan dei både stemme med kommuneval der, og ikkje minst sjølve ta ansvar ved å stille til val.