I helga rulla Norway Cup, verdas største fotballturnering, i gang. Godt over 2.000 lag er melde på. Fleire tusen barn og unge skal dei komande dagane få oppleve idrettsglede, bli kjende med nye menneske og ha det moro saman. 90 lag fordelt på 32 klubber frå Sunnmøre skal delta, takka vere stor innsats frå mange eldsjeler i lokalt idrettsliv.

Norway Cup legg vekt på at turneringa skal handle om samhald, inkludering, vennskap og felles opplevingar, og det er eit godt utgangspunkt. For mange vil Norway Cup vere årets høgdepunkt, uansett sportsleg resultat.

Dessverre er det barn som ikkje kan delta, fordi familiane deira ikkje har råd til det. Kostnadar til turneringar som kjem i tillegg til medlemsavgift, reiser og utstyr blir ei for tung bør. Dårleg økonomi er vanskeleg å snakke om, og dermed kan det vere lettare å oppgi heilt andre grunnar til at ein ikkje er med. Men for mange barn er det sårt å bli ståande utanfor lagfellesskapen. Dette må idrettsleiarar, foreldregrupper og klubbar vere merksame på når turar og opplegg blir planlagt, slik at økonomi ikkje fører til at barn blir ekskludert. Høgt kostnadsnivå kan føre til at fleire barn og unge fell frå, og det gjeld innanfor mange idrettar.

NRK melde nyleg at 35 prosent færre spelarar vel å bu på hotell under Norway Cup i år, og tar i staden tilbake god gamaldags cupkultur ved å bu på skular og i barnehagar. Hotellopphald til fleire tusen kroner er ikkje oppnåeleg for alle. Andre idrettslag legg ned stor innsats i dugnad og felles tiltak for å gjere eigendelen så liten som muleg. Begge deler er positive tiltak som gjer det muleg for fleire å delta.

Idrettsforbundet har tidlegare kome med fire konkrete forslag til norsk idrett for å unngå klasseskilje i barneidretten. Tiltaka handlar om å stoppe kostnadsveksten på idrettsutstyr og konkurransesystem, unngå dyre reiser til konkurransar og samlingar, jobbe med å finne løysingar for barn og unge som har avgrensa økonomiske ressursar og å legge til rette for marknadar for gjenbruk av idrettsutstyr.

Dette er tiltak som alle klubbar må ta på alvor, slik at flest muleg kan få oppleve gleda ved å drive idrett saman med andre.