Om to veker tar rundt 5.000 nye studentar fatt på utdanninga til den mest etterspurde yrkesgruppa i helsevesenet – sjukepleiarar. Skal vi trygge kvaliteten i helsetilbodet vår, er det avgjerande at vi også klarer å halde på desse.

Altfor mange hoppar nemleg av studiet før dei er ferdig utdanna sjukepleiarar. Særleg gjeld dette menn, men dei er ikkje åleine. Dette kjem på toppen av at svært mange sluttar i yrket få år etter at dei er uteksaminerte.

Denne lekkasjane er vi nøydde til å stoppe. Skal vi klare å gjere noko med den store og veksande mangelen på sjukepleiarar, må vi redusere fråfallet både før og etter avgangseksamen. Her må sjukepleieutdanningane, arbeidsgjevarar og arbeidstakarorganisasjonane ta ansvar saman.

Talet på søkjarar til sjukepleiestudiet gjekk ned med rundt 18 prosent frå i fjor til i år. Det er likevel inga krise. Ei viktig forklaring er truleg dei nye karakterkrava i norsk og matte, der søkjarar frå i år må ha minst karakteren 3 i desse to faga.

Trass i dette er det likevel ikkje mangel på søkjarar det står i. Det er framleis langt fleire kvalifiserte søkjarar enn studieplassar. Ved NTNU i Ålesund var det år til dømes 1095 kvalifiserte søkjarar til dei 130 studieplassane. Tala var nesten like høge ved Høgskolen i Molde.

Det bør altså framleis vere råd å auke rekrutteringa til yrket ved å opprette endå fleire nye studieplassar i åra framover, med fleire enn dei 225 som kom til frå i fjor til i år. Dette bør regjeringa følgje opp. Auka utdanningstakt er eitt av dei viktigaste tiltaka mot sjukepleiarmangelen.

Utan at vi klarer å få ned fråfallsprosenten, kjem vi likevel ikkje langt. Studiestadane må bli flinkare til å hjelpe ferske studentar over den faglege kneika mange opplever. Framtidige arbeidsgjevarar må også gjere sitt. Det handlar blant anna om at kommunane tilbyr nok praksisplassar.

Endå viktigare er det å tilby ferdig utdanna sjukepleiarar stillingar som dei både kan leve med og av. Det er til å forstå at studentar som allereie slit med pensum kan misse motivasjonen når «belønninga» dei ser fram til, er ein liten stillingsprosent og eit liv som evig tilkallingsvikar.