Drifta av barnehagar blir ikkje betre berre fordi den blir styrt frå eit rådhus. Offentleg eigde barnehagar blir både godt og mindre godt drivne. Det same gjeld for private.

Nokre driv godt, og sit derfor att med overskot. Det ikkje noko umoralsk i det. Det kan ikkje vere eit krav at dei som leverer tenester til det offentlege må drive dårleg.

Barnehagar kan godt vere butikk så lenge dei held spelereglane, har god kvalitet på tenestene og gode vilkår for sine tilsette. Så må reglane vere gode og tydeleg nok til å gi ryddige tilhøve og god bruk av fellesskapet sine ressursar. Vi må rydde opp, men ikkje rydde ut dei som driv godt.

I sommar var det 16 år sidan barnehageforliket. Det sikra full barnehagedekning, makspris og økonomisk likebehandling mellom private og offentlege barnehagar. Barnehagereforma var ein suksess.

Ikkje minst SV, som i siste del hadde ansvarleg statsråd, har sola seg i glansen av denne suksessen. Det hadde ikkje vore råd utan private aktørar sin innsats. I dag går rundt halvparten av alle barn i ein privat barnehage.

Så ser vi at nokre tener pengar på barnehagedrift. Det er også døme på at nokre tøyer grensene både i lov og regelverk for å sikre seg sjølv best mogeleg. For dei fleste er overskot likevel resultatet av sunn og god drift.

Det skal vi setje pris på, og ikkje fordøme. SV tidlegare bede om forbod mot forteneste på barnehagedrift, og har igjen tatt til orde for dette i samband med at årsresultatet for dei store konserna vart kjende. Det tyder på lite forståing for korleis ein driv både barnehagar og butikk.

Sjølvsagt skal dei tilsette i barnehagane ha gode arbeidsvilkår. Tilbodet til barna må vere i tråd med krava det offentlege stiller. Og det er meiningslaust å gi private barnehageeigarar kompensasjon for pensjonsutgifter dei ikkje har.

Vi må også ha tilsynsordningar som hindrar juks, økonomisk misbruk og lovbrot. Derfor er det naudsynt å rydde opp i regelverket i Barnehagelova, slik det no vert gjort. Men vi kan ikkje forby overskot som er resultat av sunn drift, så lenge vi får det vi betalar for.