Jakta på nye eigarar i Kleven Verft er meir enn eit spørsmål om ei enkelt bedrift si framtid. Den maritime næringa på Sunnmøre treng bedrifter som har evne til å gå i front og ta store løft. Kleven har vore ei slik.

For dei som er opptekne av næringa og lokal verdiskaping, er dette altså ei skjebnetid. Fleire hundre arbeidsplassar i ei av næringa sine hjørnesteinsbedrifter er i spel. Utfallet av denne jakta vil få store ringverknader.

Utan livskraftige verft, kan vi ikkje lenger snakke om ei levande maritim klynge. Det er difor slett ikkje utan betydning kven som kjem inn og overtar det tradisjonsrike verftet.

Allereie då Hurtigruten kom inn på eigarsida saman med andre investorar for knappe to år sidan, var det klart for dei fleste at dei ikkje var komne for å bli. Det var akutt førstehjelp. Verftet var i overhengande konkursfare.

Med to ekspedisjonsskip under bygging, handla dette like mykje om å sikre eigne verdiar. Dette er realt nok. I fjor tok selskapet full eigarkontroll, og sørga for ei meir langsiktig finansiering. Framleis var det med ein kortsiktig horisont.

I den situasjonen som var, var dette kanskje den einaste løysinga. I jakta på nye eigarar er perspektivet eit anna. No bør nye eigarar vere langsiktige.

Enno er ikkje verfta ute av bølgedalen. År med store underskot tærer på. Framleis slit dei med lønsemda. Men utsiktene er no betre enn då oljekrisa trefte bransjen midtskips i 2014. Ein ny eigar kan altså sjå lysning i horisonten, men må framleis ha musklar nok til å halde ut i eit tøft løp.

Økonomiprofessor Ola H. Grytten etterlyser i Vikebladet Vestposten eigarar som skjønar verdien av lokal verdiskaping og samfunnet rundt. Lokalt eigarskap har vore viktig for utviklinga av denne næringa, og vil framleis kunne vere det.

Lokal kapital har hjartet nær bedrifta, dei tilsette og lokalsamfunnet. Det har også Kleven si historie vist. Slik kapital finst framleis på Sunnmøre. Dei som sit på denne bør sjå utfordringa. Vi står ved starten av det store grøne skiftet i skipsfartsnæringa. Det kan gi nye investorar som har musklar og vilje til å stå i dette langsiktig, gode utsikter.