Store sprik i satsane for å ha barn i skulefritidsordninga (SFO) må vi kunne leve med. Langt verre er det å leve med eit stort sprik i kvaliteten på SFO-tilbodet frå kommune til kommune. Det handlar om meir enn kva ein får for pengane.

Derfor er arbeidet med å innføre ein nasjonal rammeplan for skulefritidsordninga viktig. SFO skal ikkje vere ei utviding av timeplanen. Likevel er den ein viktig læringsarena. Store skilnadar i tilbodet vil også setje spor på andre område.

Difor er det viktig å få på plass nasjonale krav, slik regjeringa no arbeider med. Dei bør seie kvar lista skal liggje når det gjeld kompetanse, kvalitet og innhald. SFO skal vere ein stad for leik og aktivitet for barna, ikkje ei leikegrind for dei som skal sy saman eit kommunebudsjett.

Sjølvsagt kan foreldre i Smøla ha god grunn til å spørje kvifor dei betalar nær fire gongar så mykje for SFO som i Sunndal. Smøla er dyrast i landet. Sunndal er tredje billegast. I Hareid bør dei også kunne spørje politikarane om kva dei får att for å betale 900 kroner meir i månaden enn i Stordal.

Så lenge det ikkje blir stilt klare krav til innhald, blir likevel dette meiningslause spørsmål. Skilnadane i satsane er uforklarlege. Prisen fortel ingenting om at tilbodet er godt eller dårleg, heller ikkje for dei som vedtek satsane. Nasjonale krav vil derimot gjere slik samanlikning enklare for alle.

Dette gjeld likevel langt meir enn forbrukarrettleiing om kva ein får for pengane. SFO skal ikkje berre vere ein stad å vere etter skuletid til det er folk heime eller fotballtreninga tar til. For stadig fleire er det her fritidstilbod finn stad, og aktivitetane blir meir og meir knytt opp skulen.

Nasjonale normer bør ikkje bety at alt skal vere likt. Særleg når SFO blir knytt opp mot idrettslag og andre frivillige sine tilbod, må det vere store rom for lokal tilpassing av tilbodet. Difor er minstekrav vegen å gå.

Slike minstekrav til innhald og kvalitet vil sikre eit likare SFO-tilbod i heile landet. Det vil gi foreldra større tryggleik, og gjere dei betre i stand til å stille krav. Viktigast er det likevel at barna skal ha eit likeverdig skule- og oppveksttilbod, uavhengig av kvar dei bor og kva økonomi kommunen har.