Miljøgifter i norske kommunar skal kartleggast. Klimaendringar kan føre til meir nedbør, flaum og skred, og forskarar fryktar at meir ekstremvêr kan føre til at miljøgifter blir spreidde ut i naturen. Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Vestlandsforsking har nyleg fått 2,9 millionar kroner av Regionalt forskingsfond vest til å utvikle nye forvaltingsverktøy for å kartleggje og vurdere korleis klimaendringar kan auke faren for miljøgifter og ureining.

Det er viktig at det blir auka kunnskap om lokale miljøgiftkjelder. Det er viktig at det blir lagt vekt på å førebyggje alvorleg forureining. Miljøgifter vert brote sakte ned i naturen, og kan spreie seg over store avstandar med havstraumane. Kartleggingsprosjektet er såleis både viktig og nyttig. Men kartlegging er ikkje nok. Tiltak må gjennomførast.

I Ålesund er det til dømes kartlagt fleire område med forureina masser, både på land og i sjøen. Undersøkingar har vist at sjøbotnen i Aspevågen, Steinvågsundet og Volsdalsvågen er alvorleg forureina. Første undersøking av sjøbotnen i Aspevågen vart gjennomført i 1979, og er seinare supplert med vel 50 undersøkingar og overvakingsprogram. Etter planen skal det gjennomførast fleire undersøkingar i år og neste år, før arbeidet med mudring og tildekking kan starte ein gong i 2021. Samtidig må alt tilsig av miljøgifter frå land stansast, for å unngå at tildekkinga blir forgjeves.

I fjor fjerna Ålesund kommune 920 tonn forureina masse frå den såkalla gassverkstomta i Ystenesgata, men framleis ligg det igjen uante mengder tjære under bygningar og vegar. Dette er tjære på nivå med «farleg avfall». I sjøen utanfor er det påvist ekstremt høge verdiar av tjærestoff, samt miljøgifter som PCB, kopar og TBT. Det er mildt sagt urovekkande.

Vi har forståing for at oppryddinga er komplisert, og at det er viktig med undersøkingar for å finne rette måten å fjerne miljøgiftene på. Men kvifor må det ta så uendeleg lang tid? Vi etterlyser høgare prioritering og sterkare innsats for å fjerne forureininga som allereie er påvist, og som det hastar å gjere noko med.