Vi får det ikkje betre på bygdene ved å gjere det verre å bu i byen. Skal vi bremse sentraliseringa må vi gjerne grave djupare i den distriktspolitiske verktøykassa, men vi bør la kløyveøksa liggje. Splid mellom by og land svekkjer begge.

Senterpartiet sitt framlegg om å ta 12 milliardar frå byvekstavtalane for å få næringsvekst i bygdene, har nettopp slik splid som bodskap. Partiet skaper med dette inntrykk av at desse avtalane er gåvepakkar til byfolk, og eit ledd i ein medviten sentraliseringspolitikk. Det er det ikkje.

Byvekstavtalane og bymiljøavtalane er tiltak for å hindre trafikkaos og bremse forureining og klimautslepp i storbyane våre. Desse måla bør det vere enkelt å stå samla om. Vi treng ikkje gå laus på klimatiltak og angripe bumiljøet og folkehelsa til byfolk for å finansiere distriktspolitikken.

Debatten om bompengar er brennheit i denne valkampen. Både bymiljøavtalane og målet om nullvekst for persontransport med bil er allereie under press. I forhandlingane mellom Frp og regjeringspartia står kutt i desse avtalane sentralt.

No vil også Sp røre i denne gryta. Partiet vil leggje 12 milliardar frå desse avtalane i nye bygdevekstavtalar. Det er prisverdig å seie korleis ein vil finansiere dette, men når partiet vel akkurat byvekstavtalane, er det eit forsøk på å score billege poeng ved å setje by mot land.

Bymiljøavtalane er alt upopulære i byane på grunn av bompengepresset, og Sp slit med truverdet i bompengeprotesten. Likevel er det ikkje bompengar dei går laus på, men dei statlege pengane i bymiljøavtalane. Slik vil dei finansiere bygdevekst med trafikkaos i byane og auka klimautslepp.

I Norge har vi eit mål om busetnad i heile landet, likeverdige levekår og berekraftig, regional utvikling. Trass i dette målet har sentraliseringa fått halde fram. Dette er ein trend vi må jobbe stadig hardare for å motverke.

Framlegg om bygdevekstavtalar som skal skape næringsvekst i distrikta fortener derfor ein seriøs debatt. No har Senterpartiet sjølv sett partivekst framfor bygdevekst, og har med det sett ein viktig debatt i fare for å spore av før den er kome ut frå stasjonen. Det er synd for by, bygd og land.