I år er det 40 år sidan Aksjon skuleveg vart gjennomført for første gong. Enormt mykje er gjort. Svært mange liv er spart, og endå fleire alvorlege skadar på born er unngått. Men jobben er ikkje ferdig.

Politiet sine årlege kontrollar rundt skulestart syner altfor mange køyrer for fort i område der barn går til og frå skulen. Politiet slår også ned på mange bilførarar som bryt forbodet mot handhalden mobil, og kvart år blir også ruspåverka førarar tekne i desse kontrollane.

Slike resultat er nedslåande. Bilistar som oppfører seg på denne måten utgjer ein stor fare for dei mest sårbare trafikantane våre.

Då Aksjon skuleveg vart starta i 1979 var det langt mindre merksemd på barn i trafikken enn i dag. Alvorlege ulukker vart gjerne bagatellisert som «leikeulukker», ansvaret vart ofte lagt på foreldre som «ikkje passa godt nok på» og sikring av barn i bil var svært mangelfull.

Aksjonen fekk ein massiv respons. Over 60 prosent av grunnskulane i landet rapporterte inn at dei hadde farlege eller problematiske skulevegar. Vegdirektoratet sat etter kort tid med ei liste over 30.000 slike vegar, ei liste som var eit godt grunnlag i det vidare trafikktryggingsarbeidet.

Dette vart for alvor starten på ei ny merksemd om trafikktrygging for born. Område rundt mange skular fekk 30-soner, fartsdumpar og gangfelt, og det vart også iverksett store haldningsskapande kampanjar retta mot foreldre og bilistar. I åra som har gått har det også blitt investert stort i bygging av gang- og sykkelvegar.

Måndag var første skuledag for dei fleste barne- og ungdomsskulane i landet. For rundt 62.000 barn var dette også det aller første møtet med ein ny kvardag som ferske førsteklassingar og ferske trafikantar.

Dei er like uerfarne, impulsive og sårbare som førsteklassingane var i 1979. Likevel har talet på alvorlege ulukker gått kraftig ned. I dag døyr nesten ingen barn i trafikken. Dette har vi ikkje fått gratis, men gjennom systematisk og tolmodig arbeid.

Resultata frå politiet sine kontrollar syner likevel at dette er eit arbeid vi ikkje kan slutte med. Politikarar og vegstyresmakter må sjølvsagt gjere meir. Mjuke trafikantar står også i dag langt bak i køen i kampen om vegmilliardane. Likevel: Det er ikkje nok å investere i fysisk trafikktrygging.

Vi som er bilførarar har det største ansvaret. Vi må skjerpe oss.