«Eit stort og viktig løft for Volda»

Ny framtid: Slik blir det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda sjåande ut. No er det klart for å setje dato for byggjestart.  Foto: Link arkitektur (illustrasjon)

Leder

Regjeringa sitt endelege klarsignal for det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda er avgjerande for medieutdanninga i Volda. Dette vil bidra til å ruste utdanninga og framtidige journalistar for ei ny medieframtid.

Topp moderne lokale og produksjonsutstyr vil gjere skulen endå meir attraktiv både blant studentar og tilsette. Medieutdanninga i Volda er i dag mellom dei leiande i landet. Dette vil styrke denne posisjonen. Høgskuleleiinga har god grunn til å juble.


Slik blir det nye mediebygget

Fleire studio, både for radio, TV og foto - teiknesal for animasjonsstudentane. Ei rekkje arbeids- og undervisningsrom. Og ikkje minst, veggar som kan flyttast etter behov.


Satsinga vil også bidra til å styrke og trygge Volda som studiestad. Medieutdanninga er eit flaggskip for høgskulen. Utan denne og ei sterk lærarutdanning, ville den ha stått meir utsett til. Difor er det særleg viktig å styrke desse utdanningane, slik det no skjer med medieutdanninga.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) kom med nyheita om regjeringa si endelege velsigning til nysatsinga til 200 millionar kroner då ho deltok ved opninga av studieåret tysdag. Det gir høgskulen, Statsbygg og entreprenøren eit etterlengta startsignal, og dei kan endeleg setje ein dato for byggjestart.


Høgskulen i Volda har fått klarsignal til å starte bygginga:

Så glad blir ein rektor som får nytt bygg

Endeleg ei gladmelding frå Høgskulen i Volda: Statsråd Iselin Nybø (V) gav tysdag klarsignal til å starte bygginga av nytt mediebygg til 201 millionar kroner.


Høgskulen har arbeidd med planane for bygget i over fire år. Dei noverande lokala er i ferd med å gå ut på dato. Det nye bygget vil gi plass til over 500 studentar og 50 tilsette. Det vil innehalde moderne produksjons- og redaksjonslokale for studentane. I tillegg blir der også ein kultursal med 500 plassar som Volda kommune skal leige.

Etter planen skal bygget stå ferdig i 2021. I tida framover må det gjerast eit omfattande arbeid for å gi bygget innhald. Eit topp moderne bygg må også ha topp moderne utstyr. Utviklinga i mediebransjen går fort med nye produksjonsmåtar og nye distribusjonskanalar. Her må regjeringa sørgje for å følgje opp med det som trengst av pengar.

Kunnskap om journalistisk metode, journalistikken si rolle i samfunnet, etikk og samfunnskunnskap må ligge i botn av ei god medieutdanning. Det viktigaste er å utdanne kritiske og etisk medvitne journalistar. Denne oppgåva kan likevel ikkje gjerast utan at utdanningsinstitusjonane heng med i utviklinga i bransjen, ikkje minst den rivande utviklinga i ny teknologi. Helst bør dei ligge i front.


Expo vann konkurransen

Slik blir det nye mediebygget ved høgskulen i Volda 

Expo-forslaget vann arkitektkonkurransen om nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda.


Slik og berre slik kan dei fylle si samfunnsrolle på ein god nok måte. Høgskulen i Volda har synt at den ynskjer å liggje i tet. No får den ei unik moglegheit til å halde seg der.