Nye Veier har vist at dei kan bygge ut vegar betre og meir effektivt, slik at vi kan få meir att for pengane. Derfor er det ein god idé å gi det statlege selskapet ansvar for fleire vegstrekningar. Blir E136 lagt inn under dette selskapet, bør det framskunde oppgraderinga av denne viktige vegen.

Poenget for folk og næringsliv i Møre og Romsdal er sjølvsagt ikkje kven som får ansvaret, men at nokon endeleg tek får det i fanget og gjer noko. Over 90 prosent av alle varer som blir produsert i Møre og Romsdal blir eksportert ut av fylket, og E136 til grensa til Oppland er den absolutt viktigaste vegen for varer som blir transportert landevegen.

Oppgraderinga av vegen har så langt skjedd stykkevis og delt, og det gjer at dette tek altfor lang tid. Av omsyn til eksportfylket Møre og Romsdal, innbyggjarane langs denne tungt trafikkerte vegen og trafikktryggleik må tempoet opp.

I Sunnmørsposten onsdag opplyste samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) at han har bedt Nye Veier om å vurdere å ta ny E136 inn i sin portefølje. Det er i samband med arbeidet med Nasjonal Transportplan (NTP) 2022-2033 dette skjer. Tidlegare i år har han gitt selskapet i oppdrag å vurdere ei liste med nye prosjekt. E136 er mellom desse.

Nye Veier skal dei neste 20 åra byggje veg for 150 milliardar. I dag er har dei 18 vegstrekningar i fire utbyggingsområde på Sør-Austlandet (E18), Sør-Vestlandet (E39), Innlandet (E6) og Trøndelag (E6). Samferdsleministeren ynskjer altså no å gi selskapet meir oppdrag, basert på resultata det har synt så langt.

Det er likevel langt frå sikkert at E136 står på lista deira når NTP blir rullert. Det er selskapet sjølv som skal vurdere kva strekningar dei kan gjere ein best jobb med. Det er også klart at selskapet må tilførast meir kapital. Kor mykje det blir avgjer kor mykje meir Nye Veier kan bere.

Uansett så må det no pengar på bordet som kan fjerne dei siste flaskehalsane på denne vegen. Det bør skje fort. Og då må ein ikkje nøye seg med å fikse ein jarnbaneundergang her og eit krabbefelt ein annan stad. No må ein byggje heilskapleg, samanhengande og effektivt, uansett kven som får ansvaret.

Sjølvsagt må det avklaringar til i høve til bypakken i Ålesund, der delar av denne vegstrekninga går inn. Det er løysbart. Er dette noko meir enn eit tomt valløfte frå samferdsleministeren, så fiksar han det.