Det er positivt at regjeringa vil utarbeide handlingsplan mot muslimhat. Åtaket på moskeen i Bærum var ei ny påminning om grumset som finst i form av fiendtlege haldningar mot muslimar. I Norge skal alle vere trygge, uansett kva religion ein trur eller ikkje trur på. Alle former for dehumanisering er det grunn til å reagere mot, og det kan ikkje seiast ofte nok at alle er like verdifulle som menneske.

I 2015 vart det utarbeida handlingsplan mot antisemittisme. Planen inneheld konkrete tiltak for å førebyggje jødehets og antisemittisme i ulike delar av samfunnet. For å løyse eit problem må vi først erkjenne at det finst, og det er eit problem at folk blir utsette for hatefulle haldningar på grunn av tru eller etnisitet. Derfor er det viktig at det no blir sett søkelys på fordommar og fiendtlege haldningar mot menneske som har islam som sin religion.

Det er menneske som skal vernast, ikkje religionar og ideologiar. Som samfunn må vi vere tindrande klare på dette punktet. Det må aldri bli ulovleg å kritisere tankesystem eller religiøs tru, sjølv om folk kan kjenne seg krenka. Eit menneskesyn som gjer skilnad på folk, som rangerer folks verdi etter rase eller religion, er det all grunn til å argumentere mot. Det finst ekstreme som tolkar Koranen slik at det berre er dei menneska som har underlagt seg islam, som har krav på menneskeverd. Dette menneskesynet er blitt brukt til å forsvare steining av homofile og halshogging av dei som ikkje har den «rette» trua. Folkemordet på jesidiane var basert på ei oppfatning om at dei var mindreverdige som menneske. Desse groteske handlingane er det all grunn til å ta avstand frå, og det gjer dei aller fleste, uansett religion. Kritikk av religion er ikkje rasisme, men å la vondskap utført i islams namn gå utover muslimar generelt er destruktivt. Det er i strid med alle dei verdiane vi byggjer samfunnet vårt på.

Vi har alle ansvar for måten vi omtalar kvarandre. Dei som dyrkar hatet og glorifiserer valdelege handlingar må ikkje få vinne fram med sitt syn. Kritiske ytringar om politikk og religion skal det alltid vere rom for, men aldri oppmodingar til trugsmål og vald. Ein handlingsplan mot muslimhat kan vere med på å vise kva likeverd betyr i praksis.