Leiar:

«Det må aldri bli ulovleg å kritisere religion og ideologiar»

Handlingsplan: Justisminister Jøran Kallmyr (Frp), kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H), kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) og utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) vil lage handlingsplan mot muslimhat. Det er bra.   Foto: Stian Lysberg Solum, NTB/Scanpix

Dei som dyrkar hatet og glorifiserer valdelege handlingar må ikkje få vinne fram

Leder

Det er positivt at regjeringa vil utarbeide handlingsplan mot muslimhat. Åtaket på moskeen i Bærum var ei ny påminning om grumset som finst i form av fiendtlege haldningar mot muslimar. I Norge skal alle vere trygge, uansett kva religion ein trur eller ikkje trur på. Alle former for dehumanisering er det grunn til å reagere mot, og det kan ikkje seiast ofte nok at alle er like verdifulle som menneske.

I 2015 vart det utarbeida handlingsplan mot antisemittisme. Planen inneheld konkrete tiltak for å førebyggje jødehets og antisemittisme i ulike delar av samfunnet. For å løyse eit problem må vi først erkjenne at det finst, og det er eit problem at folk blir utsette for hatefulle haldningar på grunn av tru eller etnisitet. Derfor er det viktig at det no blir sett søkelys på fordommar og fiendtlege haldningar mot menneske som har islam som sin religion.

Det er menneske som skal vernast, ikkje religionar og ideologiar. Som samfunn må vi vere tindrande klare på dette punktet. Det må aldri bli ulovleg å kritisere tankesystem eller religiøs tru, sjølv om folk kan kjenne seg krenka. Eit menneskesyn som gjer skilnad på folk, som rangerer folks verdi etter rase eller religion, er det all grunn til å argumentere mot. Det finst ekstreme som tolkar Koranen slik at det berre er dei menneska som har underlagt seg islam, som har krav på menneskeverd. Dette menneskesynet er blitt brukt til å forsvare steining av homofile og halshogging av dei som ikkje har den «rette» trua. Folkemordet på jesidiane var basert på ei oppfatning om at dei var mindreverdige som menneske. Desse groteske handlingane er det all grunn til å ta avstand frå, og det gjer dei aller fleste, uansett religion. Kritikk av religion er ikkje rasisme, men å la vondskap utført i islams namn gå utover muslimar generelt er destruktivt. Det er i strid med alle dei verdiane vi byggjer samfunnet vårt på.


Reagerer på islam-fiendtlig tagging på Valderøya

Ei dame fra Valderøya ble møtt av et trist syn da hun gikk undergangen ved Kiwi på Ytterland på Valderøya torsdag. Der var det tagga «Fuck islam» og «Fuck muslims» flere steder.



Vi har alle ansvar for måten vi omtalar kvarandre. Dei som dyrkar hatet og glorifiserer valdelege handlingar må ikkje få vinne fram med sitt syn. Kritiske ytringar om politikk og religion skal det alltid vere rom for, men aldri oppmodingar til trugsmål og vald. Ein handlingsplan mot muslimhat kan vere med på å vise kva likeverd betyr i praksis.


Høyre-representant: Vi trenger en handlingsplan mot muslimhat

Flere politikere har den siste uken etterlyst en handlingsplan mot muslimhat etter moskéangrepet i Bærum. Nå støtter også Høyre forslaget.






Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder