Ikkje uventa vil Senterpartiet kunne avgjere ordførarkampen i Ålesund. Nye Ålesund ikkje er som gamle Ålesund. Bygda har kome til byen, og bygda vil ha makt.

Kontrasten til valet for fire år sidan er stor. Då tok Senterpartiet ein einsleg stol i bystyret. Partiet betydde ingenting i kampen om ordførarvervet. I dag kan i praksis ingen kome til makt i byen utan å gå gjennom Senterpartiet.

Dei skal slite med å få ordføraren sjølv, men står knallsterkt i forhandlingar om politikk og posisjonar – til begge sider.

Senterpartiet pustar Frp i nakken i dagens måling i Sunnmørsposten. Det manglar to mandat å vere tredje største parti i den nye storkommunen. Og nettopp forholdet mellom desse to partia kan avgjere om Høgre eller Arbeidarpartiet vinn ordførarkampen.

Høgre går på ein solid skrell i målinga. Partiet taper mange veljarar til Ålesundlista. Blir valresultatet som målinga, må dei hyre mannskap frå nesten alt som er til høgre for Ap om dei ikkje får med seg Senterpartiet i båten – altså også både KrF og MDG.

Problemet er at ingen av desse er veldig gira på å sitje på same tofte som Frp. Endå verre kan det bli å få så mange til å ro i takt. Senterpartiet har sagt klart at det er uaktuelt med ein politisk avtale med eit parti som seier blankt nei til bompengar. Viljen er ikkje mykje større hos KrF og MDG.

Frp vil på si side stille ultimatum om nei til bompengar. Alternativet for Høgre vil då bli å parkere bypakken på sida av ein politisk samarbeidsavtale. Med støvskya regjeringa har etterlatt bompengeavtalen i, kan gjere det vanskeleg.

Slik får sitjande ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) eit forsprang på Dag Olav Tennfjord (H) i kappløpet om ordførarmakta i den nye storkommunen.

Får ho med seg Senterpartiet på ein politisk avtale, kan ho i verste fall kan nøye seg med støtte frå enten KrF eller MDG i tillegg til SV. Og sjølv om heller ingen av desse sel seg gratis, kan ho truleg lettare enn Høgre få med seg begge.

Utan Senterpartiet kjem likevel også Arbeidarpartiet til å kome til kort. Då er det Ap som må skrape saman alt som er av årepar for å bemanne og få styring skuta.

Bygda har kome til byen, og bygda har fått makt.