«Har nøkkelen til makta»

Senterpartiet: Vebjørn Krogsæter (Sp) har sterke kort på handa i kampen om makt i nye Ålesund. Den som skal bli ordførar må ha støtte frå Senterpartiet.  Foto: Staale Wattø

Leder

Ikkje uventa vil Senterpartiet kunne avgjere ordførarkampen i Ålesund. Nye Ålesund ikkje er som gamle Ålesund. Bygda har kome til byen, og bygda vil ha makt.

Kontrasten til valet for fire år sidan er stor. Då tok Senterpartiet ein einsleg stol i bystyret. Partiet betydde ingenting i kampen om ordførarvervet. I dag kan i praksis ingen kome til makt i byen utan å gå gjennom Senterpartiet.

Dei skal slite med å få ordføraren sjølv, men står knallsterkt i forhandlingar om politikk og posisjonar – til begge sider.


MDG fosser fram på ny måling

Høyre stuper i nye Ålesund – Ap klart største parti

Høyres oppslutning stuper i nye Ålesund kommune. MDG fosser fram, og Ålesundlista kan få fem mandater. Arbeiderpartiet er klart største parti.


Senterpartiet pustar Frp i nakken i dagens måling i Sunnmørsposten. Det manglar to mandat å vere tredje største parti i den nye storkommunen. Og nettopp forholdet mellom desse to partia kan avgjere om Høgre eller Arbeidarpartiet vinn ordførarkampen.

Høgre går på ein solid skrell i målinga. Partiet taper mange veljarar til Ålesundlista. Blir valresultatet som målinga, må dei hyre mannskap frå nesten alt som er til høgre for Ap om dei ikkje får med seg Senterpartiet i båten – altså også både KrF og MDG.


Kommentar

«Tøff tone i valgkampen»

Det er en uvanlig tøff tone i valgkampen i fylket. Jo mindre sakene har med kommune- og fylkespolitikk å gjøre, desto høyere er temperaturen. Det som vil skape bråk kommer til høsten. Men det snakker ingen om.


Problemet er at ingen av desse er veldig gira på å sitje på same tofte som Frp. Endå verre kan det bli å få så mange til å ro i takt. Senterpartiet har sagt klart at det er uaktuelt med ein politisk avtale med eit parti som seier blankt nei til bompengar. Viljen er ikkje mykje større hos KrF og MDG.

Frp vil på si side stille ultimatum om nei til bompengar. Alternativet for Høgre vil då bli å parkere bypakken på sida av ein politisk samarbeidsavtale. Med støvskya regjeringa har etterlatt bompengeavtalen i, kan gjere det vanskeleg.


Enstemmig bystyre støtter brev til Helse Midt:

Ålesundspolitikerne med enstemmig kritikk av Helse Midt

Ålesundspolitikere fra alle politiske hold kom med kraftig kritikk av helseforetaket torsdag kveld.


Slik får sitjande ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) eit forsprang på Dag Olav Tennfjord (H) i kappløpet om ordførarmakta i den nye storkommunen.

Får ho med seg Senterpartiet på ein politisk avtale, kan ho i verste fall kan nøye seg med støtte frå enten KrF eller MDG i tillegg til SV. Og sjølv om heller ingen av desse sel seg gratis, kan ho truleg lettare enn Høgre få med seg begge.


Sp nesten like store som Ap i Trøndelag

Sp får 24,6 prosent på en Trøndelag-måling utført for NRK og Adresseavisen. Med det er partiet bare et drøyt prosentpoeng unna å ta igjen Ap som største parti.


Utan Senterpartiet kjem likevel også Arbeidarpartiet til å kome til kort. Då er det Ap som må skrape saman alt som er av årepar for å bemanne og få styring skuta.

Bygda har kome til byen, og bygda har fått makt.