Leiar:

«Ver med og bestem kven som skal styre kommunen din»

Valdag: Stemmerett handlar om likeverd, og høg valdeltaking er viktig for demokratiet.   Foto: Shutterstock/NTB Scanpix

Det er avgjerande at dei nye kommunane får ein god start, og høg valdeltaking vil vere eit positivt signal.

Leder

I dag, mandag 9. september, skal det veljast representantar til alle kommunestyre og fylkesting i Norge. Årets lokalval blir ekstra spennande i nordvest på grunn av kommunesamanslåingane. Det er eit privilegium å få vere med på å styre utviklinga av lokalsamfunnet. Ekstra stas er det når nye kommunar skal byggast.

Innbyggarane i Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy skal for første gong avgjere kven som skal styre nye Ålesund kommune. Folk i Hornindal, som har vore best på valdeltaking i nordvest gjennom fleire generasjonar, skal saman med voldingar bestemme kven som skal bere det nye ordførarkjedet i Volda kommune. Veljarane i Norddal og Stordal skal forme nye Fjord kommune, Vågsøy og Flora blir Kinn kommune, Midsund går inn i Molde, medan innbyggarane i Eid og Selje skal avgjere kven som skal styre nye Stad kommune. Det er avgjerande at dei nye kommunane får ein god start, og høg valdeltaking vil vere eit positivt signal. Slagordet «Den som stemmer, bestemmer» bør få mange ut av sofaen.

Enkelte opplever at kommunevalet ikkje vedkjem dei. Då er det greitt å bli minna på at kommunen har ansvar for mange av dei tenestene vi er heilt avhengige av i kvardagen: At vi har reint vatn i springen, at søppelet blir henta, at vi har barnehagar, helsestasjonar, legevakt, barne- og ungdomsskular. Fylkeskommunen har mellom anna ansvar for dei vidaregåande skulane, skuleskyssen og fylkesvegane. Representantane som stiller til val, tek på seg viktige oppgåver på vegner av fellesskapet. Derfor er det vesentleg at dei har god støtte.

Stemmeretten i Norge var først eit privilegium berre for menn med god økonomi. Fattigfolk og kvinner vart ikkje rekna med. Etter mange års kamp vedtok Stortinget i 1913 at kvinner skulle ha stemmerett på lik line med menn. Det var ein stor siger. Men framleis kunne ikkje personar som mottok fattighjelp få stemme. Den regelen vart først fjerna i 1919, for nettopp hundre år sidan.

Stemmerett handlar om likeverd. Det er mange som har lide og kjempa for at vi alle skal ha denne menneskeretten. I dag kan vi vise i praksis at den retten var det verdt å kjempe for.






Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder