Leiinga ved Helse Møre og Romsdal vil kutte ut sjukehuset i Volda som traumesjukehus. Det er vanskeleg å sjå korleis dette gjer tilbodet til befolkninga på søre Sunnmøre og i Nordfjord betre.

Før helseføretaket, gjennom ein grundig risikoanalyse, kan dokumentere at dette ikkje fører til auka risiko for alvorleg skadde pasientar, bør kuttframlegget leggjast bort. For omsynet til pasientane sin tryggleik må kome først.

Når tid er ein kritisk faktor, eller sjølve transporten inneber ein auka risiko eller belastning, bør ein derimot leggje mindre vekt på slike «stordriftsfordelar».

Det er meir krevjande å oppretthalde eit traumetilbod ved eit lite sjukehus enn ved eit stort. Også i dag er det skilnad på kva sjukehusa i Volda, Ålesund og Trondheim kan ta på seg. Ved dei større sjukehusa er det tilgang på betre utstyr, kompetanse og fleire støttefunksjonar. Pasientane med dei alvorlegaste skadane må sendast vidare, og det må det vere låg terskel for å gjere.

Ved mindre sjukehus er det sjølvsagt også større behov for å kompensere for eit lite tal pasientar med å trene oftare, og trening kostar pengar. Sett i høve til at ein her vil fjerne det einaste traumetilbodet mellom Ålesund og Førde, er det likevel snakk om småpengar. Styret i Helse Møre og Romsdal bør i alle fall ikkje la økonomi vere avgjerande.

Volda sjukehus stod for nokre år sidan i fare for å miste statusen som akuttsjukehus. Kampen mot nedleggings-spøkelset vart vunnen. Framlegget om å fjerne traumefunksjonen liknar eit forsøk på å oppnå det same, berre med små steg. Det er det god grunn til å protestere mot.