Lokalpolitikar Karoline Antonie Slinning (Ap) i Sula har slått alarm om debattklimaet på nett. Ho er lei av at det skal vere fritt fram med å sjikanere og hetse folkevalde. Slinning bør lyttast til. Ho har viktige poeng. Netthetsarar må aldri klare å bringe folkevalde til tausheit.

Fire av ti lokalpolitikarar har opplevd hets og trugsmål, ifølgje rapport frå KS. Halvparten har vurdert å gi seg i politikken på grunn av dette. Det er tragisk, og eit alvorleg samfunnsproblem. Folkevalde gjer ein viktig jobb på vegner av fellesskapen, og vi er heilt avhengig av at nokon vil ta på seg desse oppgåvene.

Politisk usemje er i utgangspunktet grunnleggande positivt. Det at vi kan lytte til forskjellige meiningar og bli utfordra til å sjå ei sak frå ulike synsvinklar, er avgjerande for at demokratiet skal fungere. Det skal alltid vere stor takhøgd i politiske debattar. Alle som engasjerer seg politisk, må vere førebudde på sakleg kritikk og meiningsbryting. Sterke meiningar skal det alltid vere rom for. Men det er skilnad på å diskutere og argumentere for sitt syn i ei sak, og det å kome med sjikanerande karakteristikkar av meiningsmotstandarar. Det første er positivt, det andre er destruktivt, og alle må lære seg forskjellen. Det er ekstra ille at det ofte er vaksne personar som hetsar andre, vaksne som burde vite betre.

Arbeidarpartiet har tidlegare lagt fram forslag om at politiet burde få høve til å skrive ut bøter til folk som driv med netthets. Det er eit dårleg forslag som aldri bør bli vedtatt. Det er ikkje politiet si oppgåve å bestemme kva ytringar som er lovlege og ulovlege, det har vi domstolar til å avgjere.

For å verne om ytringsfridomen, og sørge for at det ikkje blir behov for ytterlegare lovreguleringar, må alle bidra til at vi har eit konstruktivt debattklima. Kort sagt handlar det om sunn fornuft og folkeskikk. Når personar hetsar andre, må nokon ta til motmæle og seie at dette ikkje er ok. Det har Karoline Antonie Slinning gjort, og det skal ho ha ros for.