Verda blir varmare raskare enn før. Det går likevel seint å få FN sine 193 medlemsland til å gjere effektive tiltak for å stoppe utsleppa av klimagassar, slik dei lovde med Paris-avtalen i 2015.

Mange av lovnadane er vage, og endå fleire har problem med å sannsynleggjere korleis dei skal nå måla.

Endå meir problematisk er det at store utsleppsnasjonar, som Kina, vegrar seg mot å love noko som helst nytt.

«Vi må gjere meir og handle raskare», sa statsminister Erna Solberg i sin tale til toppmøtet. Ho lovde mellom anna auka økonomiske bidrag i kampen mot klimautsleppa, men kunne enno ikkje love nye, skjerpa utsleppsmål.

Når eitt av verdas rikaste land på denne måten vegrar seg for å ta nye steg, er det eit dårleg signal. Norge er også eitt av dei europeiske landa som ikkje har klart å få ned sine utslepp. Faktisk har vi i dag 3,4 prosent høgre utslepp målt i CO-ekvivalentar, enn i 1990.

Fleire europeiske land, inkludert både Sverige og Danmark, har til samanlikning allereie klart betydelege utslepps-kutt målt mot 1990-nivået. EU har redusert sine utslepp med over 21 prosent.

Så, sjølv om også Norge har hatt ei positiv utvikling sidan toppåret 2007, har vi langt att før vi kan stå fram som det føredømet vi trur vi kan vere.

Vi bør sjå til Danmark. Solberg sin danske kollega reiste til FN-toppmøtet med lovnad om å redusere utsleppa med 70 prosent innan 2030. Den lovnaden kjem altså frå eit land som har kutta sine utslepp langt raskare enn Norge.

Statsminister Mette Fredriksen har også fått ein av næringslivet sine mektigaste organisasjonar, Dansk Industri, bak seg i dette målet: Fordi det er moralsk rett – og fordi dei trur det vil lønne seg.

Der bør også norsk næringsliv og den norske regjeringa vere. I desember er det klimatoppmøte i Chile. Vi bør ha meir med i bagasjen dit enn til New York.