Over 130 ulike tiltak ligg på kuttlista til Helse Møre og Romsdal. Kuttlista er komplett, og økonomien i føretaket kan no vere berga. Neste år kan bli første år i føretaket si historie at det går i pluss, men det betyr ikkje slutt på alle problem.

For det første er det slett ikkje nok å gå i pluss for å klare å løfte naudsynte investeringar. Overskotet må vere betydeleg. I langtidsbudsjettet er målet eit overskot på nær 250 millionar kroner allereie i 2022. Skal ein nå dette, må det langt meir kraftfulle grep til.

Så må kostnadskutta gjennomførast utan at ventetider skyt i veret og kvaliteten blir råka. Skal ein få til dette, må ein omstille måten ein arbeider på.

Helse Møre og Romsdal har gått ein lang og tornefull veg, frå underskot til underskot heilt sidan Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal vart samanslått til eitt føretak.

Alle forsøk på å få kontroll på økonomien, har stranda. I år peikar prognosane mot eit underskot på over 80 millionar kroner.

Slik har føretaket hamna i ein vond sirkel. Til slutt vil dette gå ut over både kvalitet og kapasitet i pasientbehandlinga. Utan berekraft i økonomien kan ikkje føretaket løfte tunge investeringar i utstyr og bygg. Ein må få kontroll på økonomien.

Difor er det svært positivt at adm. direktør Nils Kvernmo i styremøtet onsdag kunne slå fast at ein no har ei komplett kuttliste. Det kan gi oversikt og stille uro. For dei siste tiltaka står det berre att kvalitetssikring og forankring hos dei tillitsvalde.

Det er likevel verdt å merke seg at det no nærmar seg eitt heilt år sidan målet for kutta vart sett. Først no står ein ved startstreken. Det seier litt om kor krevjande og komplekst dette er.

Det fortel også at det framleis er mange skjer i sjøen. Kutta skal ikkje berre vedtakast. Dei skal gjennomførast, og adm. direktør understrekar at det må utviklast ein kultur der det ikkje er aksept for avvik.

Alle veit at det vanskelegaste i omstillingsprosessar er endring av kultur. Avgrensar ein dette til berre budsjettdisiplin, blir det altfor smalt. Kulturar må byggjast nedanfrå, og då er det heilt andre reiskapar enn pisk ein må ty til.

Det er i dag betydeleg uro og frykt blant dei tilsette for dei kutta som no skal gjennomførast. Dette må takast på alvor. Klarer ein ikkje å byggje eit samkøyrt lag, er det stor fare for at problema i føretaket vil halde fram.

Å kutte kostnader utan å ta slike omsyn, er den minste kunst.