«Må tette laksenota»

Røming: Lakserøming er framleis eit altfor stort problem i norsk oppdrettsnæring. Presset på villaksstammane er vedvarande høgt. 

Det har tatt tusenvis av år å utvikle villaksstammane. Nokre få tiår med lakseoppdrett, set dei i fare. 

Leder

Rømt oppdrettslaks skadar både miljøet og oppdrettsnæringa sitt omdøme. Begge delar er gode grunnar til at næringa må gjere meir for å få ned talet på rømt laks. Visjonen om null rømming bør omfamnast av alle.

Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik (Frp) skal i neste veke møte næringa, og varslar at det må jobbast hardare for å få ned rømmingstala. Det skjer etter at talet på rømt laks igjen har skote i vêret, og kan passere 300.000 att for første gong sidan 2011.


Fiskeriministeren innkaller næringen for å stanse lakserømming

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik (Frp) inviterer oppdrettsnæringen til møte for å få ned tallet på lakserømninger.


Det er alvorleg, og syner kor viktig det er at det blir tatt nye grep frå både styresmakter og næringa sjølv.

Rømt laks er ei av dei største miljøutfordringane til norsk oppdrettsnæring. Vi har dei seinare åra hatt enkeltår med svært låge tal på rømt laks. Det beste året var i 2017. Då vart det rapportert om berre litt over 17.000 rømte laksar.


Lakselus og rømt oppdrettsfisk truer mest

Bergen (NTB): Lakselus og rømt fisk utgjør fremdeles de største miljøutfordringene ved oppdrett.


Snittalet dei siste 10 åra er likevel meir enn ti gongar høgre – nærare bestemt 186.000. Sjølv om variasjonen frå år til år er betydeleg, tyder ikkje utviklinga på nokon markert positiv trend, slik vi hadde det rett etter toppåret i 2006 med over 900.000 rømte laksar.

Så kan ein sjølvsagt seie at det er nokre få store rømmingar som gjer utslaget, og at talet ikkje aukar tilsvarande veksten i oppdrettsvolum. Det fortel at næringa gjer ein stadig betre jobb. Det fortel også at strengare reglar, betre rutinar og nye tekniske løysingar verkar.


Kronikk:

«Villaksen – en spydspiss for reiselivet»

Fisket etter villaks er et internasjonalt spydspissprodukt og starta den moderne turismen i Norge på midten av 1800-tallet.


For dei unike villaksstammane er det likevel ikkje andelen rømt laks som er avgjerande. Det er talet år for år som betyr noko. Eit gjennomsnitt på knapt 200.000 årleg utgjer eit vedvarande høgt press på norske lakseelvar.

Presset er størst i Hordaland og Nordland, men Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ligg også høgt på statistikken over innblanding av oppdrettsfisk. Det trugar artsmangfaldet fordi det trugar dei unike, lokale laksestammane.

Når oppdrettsfisk gyt saman med villfisken, vatnar det ut genmaterialet som gjer den lokale villaksstammen robust, tilpassa det lokale miljøet. Det har tatt tusenvis av år å utvikle villaksstammane. Nokre få tiår med lakseoppdrett, set dei i fare.


Fant lakselus på nær all villfisk

Mye lus på undersøkt fisk i Ørstafjorden.


Naturen gjer sitt beste for å svare gjennom ny, naturleg seleksjon. Naturen kan likevel ikkje vinne denne kampen om næringa ikkje lettar presset. Talet på rømmingar må kraftig ned – på varig basis. Målet må vere null.


Havbruksnæringen:

«Mitt, ditt, eller vårt ansvar»

Hvordan skal vi ta vare på og forvalte posisjonen til norsk sjømat?

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Leder