Regjeringa vil ha lønsame arbeidsplassar og vekst i heile landet. Difor set den no ned eit nytt utval som skal sjå kva privat næringsliv betyr for levande og berekraftige lokalsamfunn.

Fint! Eit godt fungerande næringsliv, trygge og gode arbeidsplassar, er avgjerande både for bygd og by. Det private næringslivet er sjølve grunnsteinen i samfunnet, også der det er langt mellom husa.

Eit nytt distriktspolitisk dokument no, virkar mest som ei desperat handling for å demme opp for Senterpartiet sin suksess.

Utvalet skal beskrive næringsutviklinga i ulike delar av landet, sjå korleis lokalt næringsliv heng saman med verda rundt og vise veg for ei berekraftig og lønsam utvikling. Så skal det peike på korleis lokalsamfunnet skal få meir att for utnytting av naturressursane.

Men mange av svara står alt i statsrådane si bokhylle. «Perspektivmeldingen» sitt kapittel om regional- og distriktspolitikk er ein god start. Så kan vi føye på «Regionale utviklingstrekk 2018» (ny utgåve neste år) , «Berekraftige byar og sterke distrikt» og hefte på hefte med utgreiingar som går rett på distriktsnæringane.

Og lurer regjeringa på kva som «fremmer eller hemmer lønnsom næringsutvikling i distriktene», har den Nasjonal transportplan.

Det er altså ikkje dokumenthaugen som er for liten.

Den største utfordringa for næringslivet i distrikta er avstand — avstand til marknad, til offentleg makt og til virkemiddelapparatet, og rekruttering av kompetanse. Ressursane har vi stort sett nær.

Det viktigaste då er trygg og effektiv samferdsel, til lands, til sjøs og langs dei digitale motorvegane. Så må vi ha mangfald i arbeidsmarknaden og sterke regionale sentra for å vere attraktiv for arbeidskrafta.

Så må det vere kort avstand til råd og makt. Det er eit paradoks at regjeringa vil styrke næringslivet i distrikta, men samstundes har drenert dei regionale utviklingsmidlane til reine ørkensanden. I tillegg blir virkemiddelapparatet sentralisert.

Vegen for den lokale bedrifta til råd og hjelp blir lengre, og den lokale kompetansen i virkemiddelapparatet tørkar inn.

Er regjeringa ute etter noko å møte Senterpartiet med i valkampen i 2021, er det ikkje eit nytt dokument den treng. Då må den handle, og den må gi makt tilbake til distrikta.