«Det er mer handling som må til»

Vil meir: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil ha meir næringsutvikling i distrikta. Difor har han sett ned eit nytt utval. 

Det er eit paradoks at regjeringa vil styrke næringslivet i distrikta, men samstundes har drenert dei regionale utviklingsmidlane til reine ørkensanden

Leder

Regjeringa vil ha lønsame arbeidsplassar og vekst i heile landet. Difor set den no ned eit nytt utval som skal sjå kva privat næringsliv betyr for levande og berekraftige lokalsamfunn.

Fint! Eit godt fungerande næringsliv, trygge og gode arbeidsplassar, er avgjerande både for bygd og by. Det private næringslivet er sjølve grunnsteinen i samfunnet, også der det er langt mellom husa.


Bedriftene gir liv til bygd og by

Ole Erik Almlid, administrerende direktør i NHO,


Men er det nok eit utval vi treng? Kunnskap er viktig, men mangelen på tiltak er dessverre større enn mangelen på kunnskap.

Eit nytt distriktspolitisk dokument no, virkar mest som ei desperat handling for å demme opp for Senterpartiet sin suksess.

Utvalet skal beskrive næringsutviklinga i ulike delar av landet, sjå korleis lokalt næringsliv heng saman med verda rundt og vise veg for ei berekraftig og lønsam utvikling. Så skal det peike på korleis lokalsamfunnet skal få meir att for utnytting av naturressursane.


Kystrederiene ønsker bedre betingelser:

Tilgang på finansiering forsinker grønt skifte, men Rostein tar snart i bruk hybrid brønnbåt

Kystrederiene venter utålmodige på å få skifte ut dagens gamle flåte med grønn teknologi.


Men mange av svara står alt i statsrådane si bokhylle. «Perspektivmeldingen» sitt kapittel om regional- og distriktspolitikk er ein god start. Så kan vi føye på «Regionale utviklingstrekk 2018» (ny utgåve neste år) , «Berekraftige byar og sterke distrikt» og hefte på hefte med utgreiingar som går rett på distriktsnæringane.

Og lurer regjeringa på kva som «fremmer eller hemmer lønnsom næringsutvikling i distriktene», har den Nasjonal transportplan.

Det er altså ikkje dokumenthaugen som er for liten.


Regjeringa tar ikke inn over seg at vi er en havnasjon, mener Dalen:

Per Erik Dalen i ÅKP:

Skuffet over samferdsel


Den største utfordringa for næringslivet i distrikta er avstand — avstand til marknad, til offentleg makt og til virkemiddelapparatet, og rekruttering av kompetanse. Ressursane har vi stort sett nær.

Det viktigaste då er trygg og effektiv samferdsel, til lands, til sjøs og langs dei digitale motorvegane. Så må vi ha mangfald i arbeidsmarknaden og sterke regionale sentra for å vere attraktiv for arbeidskrafta.


Sommerskole for entreprenører på NTNU i Ålesund

Vil ha tilbake gründerånden og få bedrifter til å vokse og bli globale

– Du må vandre i dine kunders sko, du må forstå dem. Å snakke til kunden er fint og viktig. Men du må ikke bare snakke med dem, du må observere dem. Kundene skjønner ikke alltid sjøl hva de ønsker.


Så må det vere kort avstand til råd og makt. Det er eit paradoks at regjeringa vil styrke næringslivet i distrikta, men samstundes har drenert dei regionale utviklingsmidlane til reine ørkensanden. I tillegg blir virkemiddelapparatet sentralisert.

Vegen for den lokale bedrifta til råd og hjelp blir lengre, og den lokale kompetansen i virkemiddelapparatet tørkar inn.


Frykter Innovasjon Norge forsvinner fra fylkene

Aps Else-May Botten tolker regjeringens kutt i Innovasjon Norge som et første steg mot fjerning av fylkeskommunen.


Er regjeringa ute etter noko å møte Senterpartiet med i valkampen i 2021, er det ikkje eit nytt dokument den treng. Då må den handle, og den må gi makt tilbake til distrikta.