Ei arbeidsgruppe i nye Ålesund har fått i oppdrag å vurdere om kommunen skal innføre bildelingsordning neste år. Det er eit tiltak som det er all grunn til å applaudere. Erfaringar frå Halden viser at bildeling kan gi fleire positive effektar.

Halden kommune har inngått avtale om å leige ei rekkje elbilar fem dagar i veka mellom klokka 8 og 16. I helgane og på kveldane, når dei fleste kommunalt tilsette ikkje er på jobb, blir dei same bilane tilgjengelege for kommunens innbyggarar. Bilane blir booka gjennom ein app, der ein lett får oversikt over ledige bilar, rekkevidd og prisar. Kommunen har også kjøpt inn mange elsyklar som er tilgjengelege gjennom det same systemet.

Det er rekna med at ordninga kan redusere dei lokale CO2-utsleppa med 120 tonn kvart år, og i tillegg sparer kommunen pengar. Ordninga opnar for at personar med dårleg råd kan få låne elbil kostnadsfritt, til dømes for å køyre barn til fritidsaktivitetar. Dermed kan tiltaket også vere med på å jamne ut sosiale skilnadar, mellom dei som har og ikkje har eigen bil.

Behova for transport er annleis i nye Ålesund enn i Halden, og derfor er det viktig at arbeidsgruppa bruker tid på å kartlegge behova for ladestasjonar, parkeringsplassar og kva behov dei ulike avdelingane i kommunen har for eigne bilar. Løysinga må tilpassast lokale forhold, men det er liten tvil om at bildeling både vil vere bra for miljøet, økonomien og sosial utjamning. Forsking viser dessutan at tenester som bildeling, er med på å redusere den totale bilbruken, som igjen betyr mindre køar og redusert behov for parkeringsplassar.

Nye Ålesund kommune vart denne veka tildelt FN-pris for arbeidet med å bli ein smart og berekraftig by. Prisen blir gitt fordi kommunen, saman med Sula og Giske, er den første byregionen i Norge som er tatt opp i FNs smartbynettverk. Det er grunn til å glede seg over at Ålesund har ei offensiv haldning når det gjeld å finne framtidsretta transportløysingar, til dømes ved å legge forholda til rette for deling av el-bilar.