Når fylka no får nye oppgåver frå staten, må dei også få musklar nok til å gjere jobben. Ikkje fordi fylka fortener det, men fordi folk flest fortener det.

Målet med regionreforma må vere at tenestene skal bli betre enn dei er no. Det siste vi treng er nok ei underfinansiert reform der staten og fylka skuldar på kvarandre. Meiner regjeringa alvor med å flytte meir makt til det regionale nivået, må også pengane følgje med.

Erfaringane frå då fylka for ti år sidan overtok ansvaret for 17.000 kilometer med vegar og nær 80 ferjestrekningar svir framleis i den fylkeskommunale økonomien. Reforma var langt frå fullfinansiert, etterslepet på vedlikehaldet var enormt og har berre vorte større.

Ingen treng ei reprise av dette med regionreforma. Rett nok er det ikkje snakk om like tunge oppgåver målt i kroner, men det gir ingen garanti mot tikkande bomber i pakken. Den største bomba ser nok ein gong ut til å ligge i samferdslesektoren.

Fylka skal overta ansvaret for forvaltninga av fylkesvegane. Det skjer ved at oppgåver og over 1.500 tilsette skal flyttast frå Statens vegvesen til fylka.

Regjeringa har derimot enno ikkje ein endeleg plan klar for korleis dette skal skje. Først i november blir dette klart i form av ein tilleggsproposisjon til statsbudsjettet.

For Møre og Romsdal betyr det i praksis at dei også skal overta 150 årsverk som i dag er knytt til Statens vegvesen. 49 av desse reknar Statens vegvesen som finansierte over rammetilskotet. Dei resterande 76 vil etter Statens vegvesen sitt framlegg få med seg vel 80 millionar kroner over i fylkeskommunen.

Mykje tyder på at det langt frå er nok. Kontrollsjefen i Møre og Romsdal meiner det kan vere mellom 45 og 50 millionar kroner for lite. I tillegg er det også lagt opp til at all overgang til ny arbeidsgjevar skal skje frivillig. Fylkeskommunen har altså ingen garanti for at alle som trengst, blir med over.

I så fall må fylkeskommunen rekruttere dei manglande medarbeidarane sjølv. Dette får dei ingen kompensasjon for. Beløpet som manglar kan difor bli endå høgre.

Møre og Romsdal fylkeskommune slit alt økonomisk. Ein smell som det her er lagt opp til, kan sende fylket i ekspressfart mot underskot og kutt i tenestene til innbyggjarane. Folk flest fortener ikkje det.