Folket på Vestlandet har alt å tene stå skulder ved skulder for å utvikle landsdelen. Fellesskap gir kraft og styrke, både når ein skal fremje felles interesser og for å få ut krafta i verdiskapingspotensialet vi har i vest.

Det kan vi godt få til utan å flytte fylkesgrenser. Vi er litt over ein million vestlendingar uansett, og blir korkje fleire eller færre ved å slå oss saman. Vi treng ikkje å lage eit nytt gigantfylke som strekkjer seg frå Agder til Romsdalsfjorden – eller til Trøndelag, slik ordførar i nye Stad kommune, Alfred Bjørlo (V) tar til orde for.

Næringslivet i vest tar ut styrken i fellesskapet kvar dag, i samarbeid og i konkurranse. Dette både kan og bør fylka på Vestlandet gjere, gjerne med meir kraft enn i dag for å løyse felles utfordringar og for å synleggjere landsdelen betre.

Vestlandet manglar nemleg ikkje felles utfordringar. Ikkje minst gjeld det innan samferdsel. Gjennomslaget for ideen om ferjefri E39 er berre eitt døme på kva vi kan tene på å stå saman. Utan ein felles visjon og felles innsats, ville dette vere ein kamp alle mot alle, og samferdsleprosjekta på Vestlandet hadde stått langt svakare nasjonalt.

Slik kan vi samle kreftene i fleire saker, som rassikring, sjøverts transport, utvikling av havnæringane og styrking av utdanning og forsking.

Eit felles fylke ville sjølvsagt knytte oss endå litt tettare saman, og gi litt meir kraft og ei tydelegare stemme. Men det er ikkje storleiken på ein fylkeskommune som er avgjerande for dette. Ein større fylkeskommune har også sin pris.

Avstanden mellom veljar og folkevald blir større. Det same blir avstanden mellom dei folkevalde og dei utfordringane fylkeskommunen skal løyse. Dette er kostnader for demokratiet som må takast med i reknestykket. Fylkeskommunen er ikkje akkurat veljarane sitt kjæraste eige i dag. Vi treng ikkje vatne ut dette med å skape større einingar utan at vi treng det.

Sunnmøringen er vestlending, og hadde vi endt opp med ein regionreform der Møre og Romsdal hadde vorte for lite til å takle dei oppgåvene regionane hadde blitt gitt, burde Sunnmøre ha vendt seg sørover.

Slik vart det ikkje. Dei nye oppgåvene er korkje fleire eller større enn at Møre og Romsdal klarer å takle dei.

I eit nytt storfylke med 1,1 million innbyggjarar vil Sunnmøre uansett verte ein utkant.